[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Luossajärvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luossajärvi
innsjø
Land  Sverige
Del av 1. Bothnian Bay (International district Torne river - Sweden)
Kart
Luossajärvi
67°51′52″N 20°11′15″E / 67.8644°N 20.187561111111°E / 67.8644; 20.187561111111
Wikimedia Commons: Luossajärvi

Luossajärvi (nordsamisk Luossajávri) er ein drygt 260 hektar stor innsjø i Kiruna, ved den sørvestlege sida til Luossavaara. Gruveselskapet LKAB har suksessivt tømt den sørlege delen av innsjøen for å kunne bryte av den såkalla sjømalmen, den delen av malmåra som strekkjer strekker seg under sjøbotnen. Dei tørrlagte områda består i dag for det meste av myr.

Miljøproblem

[endre | endre wikiteksten]

Den gjenverande delen av Luossajärvi si kjemiske samansetning viser stor påverknad frå gruveverksemda. Innsjøen har høge verdiar av sulfat-, nitrat- og nitridion. Dei høge sulfatverdiane tyder på omfattande forvitringsprosesser av framfor alt karbonat- og sulfidalltid materie. Det er òg høge verdiar av kopar i innsjøen på grunn av lekkasjar frå dammane til Viscariagruva.

Luossajärvi er ein fiskevenlig innsjø, og kvar vinter vert det halde pilketevlingar ute på isen. Luossajärvi tyder «Laksesjø», noko som kjem av den tidlegare rike aurebestanden i innsjøen (auren tilhøyrer laksefamilien). Ting har likevel endra seg, og av dei opphavlege fiskeslaga i innsjøen, som omfatta åbor, aure og gjedde, er det berre åboren att. Det blir sett ut ein del fisk i innsjøen, i eit forsøk på å få etablert nye bestandar.