Luino
Luino | |||
by | |||
Luino og Germignaga sett frå Forcorapasset.
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Lombardia | ||
Provins | Varese | ||
Areal | 21,01 km² | ||
Folketal | 14 128 (1. januar 2023) | ||
Postnummer | 21016 | ||
Retningsnummer | 0332 | ||
Luino 46°00′N 8°45′E / 46°N 8.75°E | |||
Wikimedia Commons: Luino |
Luino er ein liten by nær grensa mot Sveits på den austlege bredda av Lago Maggiore i Provinsen Varese i Lombardia i Nord-Italia. I 2005 var innbyggjartalet 14 179.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Luino er velkjend for marknaden sin, som vert halde kvar onsdag. Nokre seier at markenaden er den største i Europa. Rundt byen er det også eit imponerande landskap, og Luino er dimed ein populær turistdestinasjon, særleg blant turistar frå Sveits, Tyskland og Nederland.
Jernbanestasjonen i byen er også historisk viktig sidan han står på bana som eingong var den einaste ruta mot St. Gotthard-tunnelen. Både italienske og sveitsiske statsbaner bruker stasjonen i dag.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Før slutten av 1800-talet hadde Luino vorte ein industriby. Tekstilindustrien var særleg sterk her på grunn av dei mange vassdraga som ein kunne bruke for å produsere kraft til maskineriet. Sveitsiske industrimenn grunnla mange av tekstilfabrikkane i området. Selv om nokre teikn på dette tidlegare næringslivet finst enno i gate- og villanamn i Luino og andre byar i området (f.eks. Villa Hussy i Luino og via Stehli i nabokommunen Germignaga), aktiviteten i sektoren har no minka monaleg.
Eit fenomen som er veldig utbreidd her er grensearbeidet, dvs. folk som bur i distriket og reiser til arbeidet i Sveits kvar dag (på italiensk heiter desse arbeidarane frontalieri). På denne måten har Luino og nabokommunane vorte sovebyar til ein viss grad.
Kjende innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]Folk frå Luino har bidrege mykje til italiensk 1900-talslitteratur. Både forfattaren Piero Chiara og diktaren Vittorio Sereni vart fødde her.
Som unge budde skodespelforfattaren og mottakaren av Nobelprisen i litteratur i 1997 Dario Fo her og i Porto Valtravaglia, som ligg nokre kilometer sør for Luino.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Luino» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2007.