Lofamilien
Lofamilien | |
Kvitbrystlo, Charadrius alexandrinus | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av lofamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Lofamilien Charadriidae Vigors, 1825 |
Lofamilien er ein biologisk familie av loer, boltitar og viper i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes. Totalt er det klassifisert ca. 66 artar.
Dette er små til mellomstore vadefuglar med kompakt kropp, kort, tjukk hals og lange, vanlegvis spisse venger. Dei varierer i storleik frå svartkronelo på 26 gram og 14 cm til maskevipe på opptil 370 gram og 38 cm.
Dei er distribuert på opent land over heile verda, hovudsakleg i habitat nær vatn, sjølv om det er nokre unntak, ørkenboltit, til dømes, føretrekkjer steingrunn i ørkenen i Sentral- og Vest-Australia.
Desse fuglane finn føde med hjelp av synet, heller enn ved å søkje med lange nebb som nokre sniper gjer. Dietten femnar om insekt, makk eller andre virvellause dyr avhengig av type habitat dei lever i. Jaktteknikken er vanlegvis ein springe-og-pause teknikk, snarare enn stadige undersøkingar slik nokre av dei andre gruppene av vadefuglar gjer. I hekketida vernar dei territoria sine med hjelp av sterkt synlege oppvisingar.
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Generelt har større artar i familien ofte blitt kalla viper, mindre artar loer eller boltitar. Loer, boltitar og viper i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
Slekt Pluvialis
- Tundralo, Pluvialis squatarola, Black-bellied Plover, LC, Linné, 1758
- Heilo, Pluvialis apricaria, European Golden-Plover, LC, Linné, 1758
- Kanadalo, Pluvialis dominica, American Golden-Plover, LC, Müller, 1776
- Sibirlo, Pluvialis fulva, Pacific Golden-Plover, LC, Gmelin, 1789
Slekt Oreopholus
- Rusthalslo, Oreopholus ruficollis, Tawny-throated Dotterel, LC, Wagler, 1829
Slekt Vanellus
- Samlar dei 24 vipeartane som er klassifiserte, inkluderer den palearktiske arten vipe som òg finst i Noreg
Slekt Charadrius
- Dette er 31 artar av dei typiske loer, dei fleste er karakteriserte av brystband og krageteikning i fjørdrakta. Boltit høyrer òg inn her.
Slekt Erythrogonys
- Brunsidelo, Erythrogonys cinctus, Red-kneed Dotterel, LC, Gould, 1838
Slekt Thinornis
- Svarthovudlo, Thinornis cucullatus, Hooded Plover, VU, Gmelin, 1789
- Fjærelo, Thinornis novaeseelandiae, Shore Plover, EN, Gmelin, 1789
Slekt Elseyornis
- Brunskulderlo, Elseyornis melanops, Black-fronted Dotterel, LC, Vieillot, 1818
Slekt Peltohyas
- Ørkenboltit, Peltohyas australis, Inland Dotterel, LC, Gould, 1841
Slekt Anarhynchus
- Skeivnebblo, Anarhynchus frontalis, Wrybill, VU, Quoy & Gaimard, 1830
Slekt Phegornis
- Diademlo, Phegornis mitchellii, Diademed Sandpiper-Plover, NT, Fraser, 1845
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Charadriidae» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2009
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Charadriidae videoar hos Internet Bird Collection
- Charadriidae lydopptak hos xeno-canto.org
- (no) lofamilien hos Artsdatabanken
- (en) lofamilien – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) lofamilien i Encyclopedia of Life
- (en) lofamilien i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) lofamilien hos Dyntaxa
- (en) lofamilien hos Fauna Europaea
- (en) lofamilien hos Fossilworks
- (en) lofamilien hos ITIS
- (en) lofamilien hos NCBI
- (en) Kategori:Charadriidae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Charadriidae – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons