Loch Tummel
Loch Tummel | |||
innsjø | |||
Queen's View
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 11 km | ||
Breidd | < 1 km | ||
Koordinatar | 56°42′40″N 3°55′40″W / 56.71111°N 3.92778°W | ||
Loch Tummel 56°42′40″N 3°55′40″W / 56.711111111111°N 3.9277777777778°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Tummel |
Loch Tummel (skotsk-gælisk Loch Teimhil) er ein lang, smal innsjø, 7 km nordvest for Pitlochry i Perth and Kinross i Skottland.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Innsjøen er om lag 11 km lang frå aust til vest og litt under 1 km brei. Han vart ein del av Tummel vasskraftsystem då Clunie Dam vart bygd av Wimpey Construction i austenden i 1950. Dette heva vassnivået med 4,5 meter. Det går vegar langs innsjøen på både nord- og sørsida, og frå her er det fleire stader flott utsyn over naturen omkring innsjøen. Her finn ein mellom anna 'Queen's View' på nordsida, der dronning Victoria skal ha stått og sett på naturen i 1866. Frå her kan ein sjå Schiehallion i bakgrunnen.
Like ved starten på innsjøen kryssar Tummel Bridge elva River Tummel. Dette er to bruer, og den første vart bygd av General Wade i 1730, medan ei moderne bru har erstatta denne.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Loch Tummel» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: