[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Linse i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Linse i geologi er ei linseforma inneslutting med avvikande samansetnad som er tjukk i midten og tynn ved kantane, slik at ho liknar ei konveks linse i tverrsnitt.[1] Ein kan finna linser i sediment eller krystallinsk skifer. I sedimentære bergartar kan ei linse vere ein primær avsetning eller ei sekundær avsetning, konkresjon.[2]

  1. Bates, Robert L.; Jackson, Julia A. (1984). Dictionary of Geological Terms. New York: Anchor Press. s. 293. ISBN 978-0385181013. 
  2. «linse – geologi». Store norske leksikon. Henta 18. februar 2013.