Liberia
Republic of Liberia
(norsk: Liberia, liberisk) | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Nasjonalsong | «All Hail, Liberia, Hail!» | ||||
Motto | Engelsk: The love of liberty brought us here (Kjærleiken til fridom brakte oss hit) | ||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||
Hovudstad | Monrovia | ||||
Styresett |
Republikk Ellen Johnson Sirleaf | ||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
111 369 km² (103.) 1 % | ||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
4 689 021 (126.) 42,1 /km² (141.) | ||||
Sjølvstende - Dato |
26. juli 1847 | ||||
Nasjonaldag | 26. juli | ||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
3 780 mill. USD (167.) 1 200 USD (191.) | ||||
Valuta | Liberisk dollar | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Telefonkode | +261 | ||||
Toppnivådomene | .lr
|
Liberia er ein republikk i Vest-Afrika. Landet grensar til Sierra Leone, Guinea og Elfenbeinskysten.
Klima
[endre | endre wikiteksten]I denne delen av Afrika flyttar den intertropiske konvergenssona med skyer, regn og torevêr seg nordover og sørover i lag med sola, men ligg vanlegvis fire til seks veker etter. Frå oktober til mars, når sola står lågt på himmelen, er vêret generelt tørt og fint med varme og solrike dagar. Perioden april til september er regntid, og regntida er på sitt mest intense i juli og august. I november er det om lag ikkje noko regn att.
Langs kysten kjem det mellom 3500 og 4000 mm kvart år, medan dei indre områda får litt mindre. Temperaturen held seg høg året rundt på kysten, og under tørketida er han høgare i indre strøk. Under regntida er kystområda meir ubehagelege på grunn av høg relativ fukt, som sjeldan går under 80 % på dagtid. I tillegg vert landet i periodar av tørketida råka av den nordaustleg harmattanvinden, som ofte fører med seg støv og sand.