[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Legevakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Legevakt i Louisiana.

Legevakt er ei helseteneste som gjev akutthjelp til pasientar utan førehandsavtale. Legevakter er som regel opne 24 timar i døgnet.

Alle kommunar i Noreg er pålagde å ha ei legevaktordning, jf. kommunehelsetenesteloven.

Kommunehelsetenestelova §1-1: «Landets kommuner skal sørge for nødvendig helsetjeneste for alle som bor eller mellombels oppholder seg i kommunen.»

Når ein treng helsetenester på kort varsel nyttar ein i Noreg fylgjande system:

  • Når liv og helse er i fare skal ein ringe telefonnummer 113 (dette gjeld i heile Noreg).
  • Når hjelpa kan vente litt skal ein kontakte fastlegen sin. Legen gjev råd eller hjelp på dagtid.
  • Når fastlegen ikkje er tilgjengeleg, og det er medisinsk nødvendig med hjelp som ikkje kan vente til legekontora opnar, skal ein kontakte legevakta i kommunen ein bur eller oppheld seg i.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]