Lea Wermelin
Lea Wermelin | |||
| |||
Fødd | 10. mai 1985 (39 år) Rønne | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Socialdemokratiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Bornholms Gymnasium Københavns Universitet | ||
Alle verv |
Lea Wermelin (fødd 10. mai 1985) er ein dansk politikar og statsvitar frå Socialdemokratiet.[1] Ho var miljøminister i den fyrste regjeringa til Mette Frederiksen i tidsrommet 27. juni 2019–15. desember 2022.[1][2]
Wermelin har vore vald inn til Folketinget frå Bornholms storkrins sidan 18. juni 2015.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Wermelin er fødd i Rønne og vaks opp på Bornholm som dotter av folkeskulelærar Hans Wermelin og sjukepleiar Bodil Wermelin.[1][3] Ho gjekk på Bornholms Gymnasium frå 2001 til 2004 og blei cand.scient.pol. frå Københavns Universitet. Wermelin har arbeidd som lærarvikar ved Søndermarksskolen på Frederiksberg frå 2004 til 2005 og som studentassisten i Utanriksministeriet frå 2008 til 2010. Ho har óg vore i praksis hos Mellemfolkeligt Samvirke i 2008 og DR i 2010. Hos Mellemfolkeligt Samvirke arbeidde ho med utvikling av lokaldemokrati i Tanzania.[1] I DR var ho knytt til fjernsynsprogrammet Deadline som planleggjar. Wermelin bur i København, men etter å ha blitt kritisert under folketingsvalkampen i 2015 har ho også hus i Sandvig på Bornholm, der ho bur i helgene.[4][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Lea Wermelin (S)» (på dansk). Folketinget. Henta 2. mars 2024.
- ↑ «Regeringen Mette Frederiksen I / 27. juni 2019 - 15. desember 2022» (på dansk). Statsministeriet. Henta 2. mars 2024.
- ↑ «Lea Wermelin». Socialdemokraterne. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 9. januar 2016.
- ↑ Seierby, Robin (1. juni 2015). «Wermelin: Jeg har købt hus». TV2 Bornholm. Arkivert frå originalen 14. mai 2022. Henta 14. maj 2022.
- ↑ Lønstrup, Vibe (4. oktober 2019). «Lea Wermelin: Jeg holder weekend på familiens præmisser». Kristeligt Dagblad. Arkivert frå originalen 14. maj 2022. Henta 14. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Lea Wermelin» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mars 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Lea Wermelin» frå Wikipedia på dansk, den 12. mars 2024.