Kranj
Utsjånad
Kranj | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Slovenia | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
148 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
53 000 358,1 /km² | |
Koordinatar | 46°14′0″N 14°22′0″E / 46.23333°N 14.36667°E | |
Høgd over havet | 350-406 moh | |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 4000 | |
Retningsnummer (tlf) | (+386) 04 | |
Bilnummer | KR | |
Nettstad: www.kranj.si |
Kranj (tysk Krainburg) er den tredje største byen kommunen og den fjerde største byen i Slovenia med om lag 53 000 innbyggjarar (2007). Han ligg om lag 20 km nordvest for Ljubljana. Han er eit senter i Kranjska, nordvest i Slovenia, og er hovudsakleg ein industriby med industriar som elektronikk og gummi. Den historiske regionen Kranjska er kalla opp etter byen, som var hovudstad i denne regionen tidleg i mellomalderen.
Byen er òg kjend for idrettsanlegga, mellom anna fotball, tennis og basketball, og det største symjeanlegget i landet, der mellom anna europameisterskapen i vasspolo vart halde i 2003.
Sentrum i byen består av ein godt bevart gamleby frå mellomalderen. Dette området ligg mellom elvane Kokra og Sava.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kranj» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2009.