Klaver
Utsjånad
Eit klaver er eit musikkinstrument med strengar som ein hovudsakleg speler ved å trykka på tangentar.[1]
Det finst tre ulike klaverartar:
- Klaver der strengane blir anslåtte av metalltunger, som klavikord
- Klaver der strengane blir kneppa av ei fjør-, lær- eller metalltunge om lag som med eit plekter, til dømes cembalo, spinett eller virginal
- Klaver der strengane blir anslåtte med filtovertrukne hammarar, til dømes piano eller flygel.
Ein utvikla truleg det klavikordet, på 1300-talet. Dette og etterfølgjaren cembalo blei fortrengd av hammarklaveret i løpet av 1700-talet.[1]
Anna
[endre | endre wikiteksten]Uttrykket å trampa i klaveret viser til det å gjera eit stort feiltrinn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Ledang, Ola Kai (22. juni 2012), «Klaver: musikk», Store norske leksikon