[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kjønnsorgan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjønnsorgan er kroppsdelar som blir brukte til kjønna formeiring. Desse omfattar primære kjønnsorgan (gonadar som testiklar og eggstokkar), der kjønnscellene utviklar seg og blir mogne; lagringsstader (som sædleiar), fråførande kanalar (sædleiar, eggleiar) og paringsorgan.

Ein deler gjerne også inn i indre og ytre kjønnsorgan. Dei indre er dei primære kjønnsorgana, andre kjertlar og utførselsgangane deira. Ytre kjønnsorgan som penis og vulva blir brukt ved paring, til å overføra eller ta imot kjønnsceller.

Hjå dyr er desse organa som oftast ulikt utforma hjå hannar og hoer, gjerne slik at overføring av spermiar skjer ved at hannen sitt reproduksjonsorgan blir ført inn i reproduksjonsorganet til hoa, der det sender ut spermiar. Dei fleste dyr som har indre befruktning har ytre kjønnsorgan, men ikkje alle. Hjå fuglar skjer forplantinga ved at spermiane blir overførte frå hannen sin kloakkopning til hoa sin.

Forplantningsorgan hjå pattedyr har som regel tre hovuddelar.

Hjå hoer:

  1. Eggstokkar (ovariar) som dannar eggceller
  2. Livmor (uterus) der fosterutviklinga finn stad
  3. Skjede (vagina) som er eit mottaksapparat for spermiar.

Hjå hannar:

  1. To testiklar som dannar spermiar
  2. Prostata som produserer sædvæske
  3. Penis som fungerer som leveringsapparat for spermiar.

Forplantningsorganet til insekthannen heiter aedeagus. Fiskar har gatt og blekksprutar ligula.

«kjønnsorganer» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

«kjønnsorganer» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.