Kay Stenshjemmet
Kay Stenshjemmet | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. august 1953 (71 år) Lillestrøm |
Yrke | skøyteløpar |
Høgd | 188 centimeter |
Kay Stenshjemmet på Commons |
Kay Arne Stenshjemmet (fødd 9. august 1953) er ein norsk tidlegare skeiseløpar som vart europameister i firkamp i 1976 og 1980. Han vart fire gongar norsk meister i firkamp; 1976, 1977, 1978 og 1981 og ein gong i sprint, 1976. Stenshjemmet var mange sesongar medlem i Sportsklubben Ceres, seinare i Rælingen Skøyteklubb.
I tillegg til meisterskapstriumfane steig Stenshjemmet på sigerspallen i ei rad internasjonale meisterskap. Han vann sølvmedaljar i europameisterskapane 1977 og 1979, på 1 500 meter og 5 000 meter under Vinter-OL 1980, og i firkamp-VM 1981. Både i VM i firkamp 1979 og EM 1981 enda han på bronseplassen. Han vann til saman ni distanseløp i internasjonale meisterskap.
Den 19. mars 1977 sette Stenshjemmet verdsrekord på 5 000 meter med 6.56,9 på Medeo-bana i Alma Ata.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kay Stenshjemmet» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1953
- Norske skeiseløparar
- Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Norske deltakarar under vinter-OL 1976
- Skeiseløparar under vinter-OL 1976
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- Norske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skeiseløparar under vinter-OL 1980