Kari Traa
Kari Traa | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. januar 1974 (50 år) Voss herad |
Idrett | freestylekøyring |
Tok del i | Vinter-OL 1992, freestyle skiing at the 1998 Winter Olympics – women's moguls, freestyle skiing at the 2002 Winter Olympics – women's moguls, freestyle skiing at the 2006 Winter Olympics – women's moguls |
Utmerkingar | Årets nynorskbrukar, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Pillarguriprisen |
Kari Traa (fødd 28. januar 1974) er ein norsk fristilalpinist. Ho byrja med skikøyring allereie som treåring, og med fristil som sekstenåring. Traa vann sitt fyrste internasjonale skirenn i 1997, og har sida den gong vorte olympisk meister, vunne den totale verdscupen fleire gonger og vunne fleire NM-titlar.
Traa fekk nasjonal merksemd i 2001 då ho stilte opp nesten naken til ein biletserie i bladet Ultrasport under tittelen «Uten en Traa».
Traa har òg sin eigen kleskolleksjon med fargerike sportsklede. Ho starta bedrifta Kari Traa AS i 2002, og spesialiserte seg då på huer. Etter kvart omfatta kolleksjonen hennar òg T-skjorter, genserar, jakker og bukser.
Kari Traa vart kåra til Årets nynorskbrukar i 2006.[1] I 2008 fekk ho Nynorsk næringslivspris.[2]
Saman med Egor Filipenko kom Kari til finalen i TV 2 si tevling Skal vi danse i 2011.[3]
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- OL i Torino 2006 - Sølvmedalje (singelkøyring)
- VM i Ruka, Finland 2005 - Sølvmedalje (parallellkøyring)
- VM i Deer Valley, USA 2003 - Gullmedalje (parallellkøyring)
- VM i Deer Valley, USA 2003 - Gullmedalje (singelkøyring)
- OL i Salt Lake City 2002 - Gullmedalje (singelkøyring)
- VM i Whistler, Canada 2001 - Gullmedalje (parallellkøyring)
- VM i Whistler, Canada 2001 - Gullmedalje (singelkøyring)
- VM i Meiringen, Sveits 1999 - Sølvmedalje (parallellkøyring)
- VM i Meiringen, Sveits 1999 - Sølvmedalje (singelkøyring)
- OL i Nagano 1998 - Bronsemedalje (singelkøyring)
Ho har òg vunne verdscupen i fristil totalt 3 år, og har til saman 33 fyrsteplassar i verdscuprenn. I tillegg har ho teke heim 8 noregsmeisterskap.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kari Traa er «Årets nynorskbrukar»», Firda (på norsk), 21. juni 2006, henta 20. januar 2022
- ↑ Noregs Mållag, 05.12.08: Nynorsk næringslivspris 2008 til Kari Traa AS, arkivert frå originalen 12. januar 2014, henta 19. januar 2022
- ↑ AS, TV 2 (12. november 2011), «Atle Pettersen vant «Skal vi danse 2011»», TV 2 (på norsk), henta 20. januar 2022
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- (en) Kari Traa – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Kari Traa» (på engelsk). Olympedia. Henta 4. februar 2022.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1974
- Norske freestylekøyrarar
- Kongepokalvinnarar i skiidrett
- Verdsmeistrar i freestyle
- Olympiske meistrar for Noreg
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under vinter-OL 1992
- Freestylekøyrarar under vinter-OL 1992
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1998
- Norske deltakarar under vinter-OL 1998
- Freestylekøyrarar under vinter-OL 1998
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2002
- Norske deltakarar under vinter-OL 2002
- Freestylekøyrarar under vinter-OL 2002
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2006
- Norske deltakarar under vinter-OL 2006
- Freestylekøyrarar under vinter-OL 2006
- Norske Skal vi danse-deltakarar
- Folk frå Voss