Kallsjön
Kallsjön er ein innsjø nord for Åreskutan i Åre kommun i Jämtland i Sverige. Kallsjön, som sidan tidleg på 1940-talet er regulert til vasskraftsføremål, har eit overflateareal på 156 km² og ei djupne på 134 meter. Han er den åttande største innsjøen i Sveriges målt i volum, med 6,1 milliardar m³ (6,1 km³).
Namnet kjem truleg frå dialektordet for «karl» (på meir moderne norsk dialekt «kall»). Det opphavlege namnet på innsjøen (Kalln) tyder altså karen eller gubben, og har ingenting med kjølig å gjere. Namnet var i følgje tradisjonen ein «karl» som var i slekt med guden Frøy, som hadde gjeve Frösön i Storsjön namn. Kall er for tida òg namnet på kyrkjestaden ved austsida av innsjøen. Ved vestsida av innsjøen finn ein tettstaden Huså, som fram til tidleg på 1900-talet var eit industrisamfunn. Ved sørenden av innsjøen finner ein administrasjonssenter i Åre kommuns, Järpen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kallsjön» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- SCB
- «En bok om Kall» av Gösta Ullberg