Juventus
| |||
Fullt namn | Juventus Football Club | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | La Vecchia Signora (den gamle dama) La Fondanzata d'Italia (Den italienske kjærasten) La Madama (damen) Il Bianconeri (Dei svarte og kvite) La Zebre (Sebraene) La Signora Omicide (Drapsdama) La Gheuba (Ringaren) | ||
Kort namn | Juve, JFC, JUV | ||
Grunnlagd | 1. november 1897 (som Sport-Club Juventus) | ||
Heimebane | Juventus Stadium (kapasitet: 41 507) | ||
Styreleiar | Andrea Agnelli | ||
Hovudtrenar | Thiago Motta | ||
Liga | Serie A | ||
2019–2020 | 1. plass | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Juventus Football Club er ein fotballklubb frå Torino i Italia. Klubben blei stifta i 1897, og er ein av dei eldste i Italia. Juventus har også vunne flest titlar, totalt 27 titlar i Serie A.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Juventus blei stifta i november 1897 av studentar frå Massimo D'Azeglio-skolen. Laget vann ein tittel i ein tidleg versjon av den nasjonale ligaen så tidleg som 1905, men vann ikkje sin andre tittel før 1926. I 1923 fekk Agnelli-familien (eigarane av Fiat) kontrollen over klubben og bygde ein privat stadion i Villar Perosa, nær Torino. Frå 1931 vann klubben fem italienske ligatitlar på rad og i 1933 tok dei til å spela på Stadio Comunale. Etter andre verdskrigen var klubben framgangsrik nasjonalt og vann sitt tiande ligameisterskap i 1961. Dei vann rett nok ikkje nokre europeiske titlar igjen før 1977, då dei vann UEFA-cupen.
Høgdepunktet til Juventus i Europa blei ikkje nådd før 1985 då de vann Meisterligaen, men denne suksessen blei overskugga av Heysel-tragedien som skjedde under finalen mellom Juventus og Liverpool. Juventus vann Meisterligaen for andre gong i 1996. I 2003 var dei nære, men tapte på straffesparkkonkurranse mot rivalen AC Milan i finalen.
Juventus vann Europacupen for cupvinnarar i 1984 og to UEFA-cupmeisterskap i 1990 og 1993.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Juventus» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2009.