[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Jimmy Armfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jimmy Armfield


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 21. september 1935
Denton i Stor-Manchester
Død 22. januar 2018 (82 år)
Blackpool
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1966, VM i fotball 1962
Utmerkingar kommandør i den britiske imperieorden

Jimmy Armfield, fullt namn James Christopher Armfield, (21. september 193522. januar 2018) var ein engelsk fotballspelar som spelte 17 sesongar for Blackpool FC. Perioden 1959-66 aksla han Englands landslagsdrakt i 43 kampar. Armfield var sideback.

Armfield ligadebuterte borte mot Portsmouth FC 27. desember 1954. Fram til 1967 spelte Blackpool i 1. divisjon, dei neste tre åra i 2. divisjon. I Armfields siste sesong, 1970/71, var laget atter i divisjon med dei beste laga i England.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Armfield landslags-debuterte i Rio de Janeiro 13. mai 1959 framom drygt 117 000 tilskodarar. Han spelte alle Englands kampar under VM i fotball 1962, der laget hans vart slått ut i kvartfinalane av blivande verdsmeister Brasil. Frå oktober 1962 var Armfield kaptein på landslaget. Etter vårsesongen 1964 fekk han berre to landskampar, begge i mai-juni 1966, i førebuinga til verdsmeisterskapen på heimebane. Armfield, som aldri skåra for England, var med i troppa til Fotball-VM 1966 men kom aldri spel.

Armfield tok sommaren 1974 over jobben som sjefstrenar i Leeds United. Han leia Leeds-mannskapet til finalen i Europacupen 1975. Etter fleire svakare sesongar vart han sagt opp i oktober 1978.