[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Jebel Shams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jabal Shams
جبل شمس
fjell
Land  Oman
Del av Al Hajar-fjella
Høgd 3 009 moh.
Primærfaktor 2 818 m ↓  [1]
Rangert 110.
Koordinatar 23°14′13″N 57°15′50″E / 23.23694°N 57.26389°E / 23.23694; 57.26389
Kart
Jebel Shams
23°14′15″N 57°15′50″E / 23.2373882°N 57.2637937°E / 23.2373882; 57.2637937
Kart som viser Jebel Shams.
Kart som viser Jebel Shams.
Kart som viser Jebel Shams.
Wikimedia Commons: Jebel Shams

Jebel Shams arabisk جبل شمس, «Solfjellet») er eit fjell nordaust i Oman, nord for byen Al Hamra. Det er det høgaste fjellet i landet og ein del av Al Hajar-fjella. Jebel Shams er eit populært område for sightseeing, kring 240 km frå Muscat. Om sommaren kjem temperaturen opp i rundt 20 °C og om vinteren er det som regel frost her.

Kløfta sett frå toppen.
Utsyn frå toppen av Jebel Shams.

Nordtoppen

[endre | endre wikiteksten]

Det ligg ein militærbase på det høgaste punktet på Jebel Shams, så dette er eit avgrensa område. Turistdepartementet i Oman skriv at høgda på denne toppen er 3 009 moh.[2]

Sørtoppen

[endre | endre wikiteksten]

Jebel Shams har ein topp til, Sørtoppen, som er tilgjengeleg for ålmenta. Høgda på denne toppen er 2 997 moh.[3]

  1. «Jabal ash Sham, Oman». Peakbagger.com.  This prominence value is based on an elevation of 3,018 m.
  2. «Mountains in Oman». website. Ministry of Tourism,sultanatet Oman. [daud lenkje]
  3. «Trekking». website. Ministry of Tourism,sultanatet Oman. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jebel Shams