Jean-Baptiste Desmarets
Jean-Baptiste Desmarets | |||
| |||
Fødd | 3. mai 1682 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris | ||
Død | 7. februar 1762 | ||
Dødsstad | Paris | ||
Rang | marskalk av Frankrike | ||
Konfliktar | Den spanske arvefølgjekrigen, Den austerrikske arvefølgjekrigen | ||
Adelstittel | marki |
Jean-Baptiste François Desmarets (1682–1762), marki av Maillebois, var ein fransk marskalk.
Han var son av Nicolas Desmarets, Marquis De Maillebois (1648 - 1721), generalkontrollør av finansar under regjeringstida til Ludvig XIV av Frankrike, og nevø av Jean-Baptiste Colbert.
Han lærte krigskunsten frå Claude Louis Hector de Villars. Han utmerkte seg under omleiringa av Lille, og kommanderte ein divisjon i Italia under den polske arvefølgjekrigen. Han erobra Korsika på mindre enn tre veker i 1739 og fekk for dette graden marskalk i 1741.
Under den austerrikske arvefølgjekrigen vart han send for å kjempe mot austerrikarane i Italia og vann der slaget ved Bassignano i 1745. Året etter tapte han derimot mot langt større styrkar i slaget ved Piacenza, som gjorde at han måtte forlate hertugdømet Milano.
Etter krigen vart han guvernør i Alsace (1748).
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jean-Baptiste Francois des Marets, marquis de Maillebois» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Den franske utgåva av artikkelen.