Jarnbanesville
Jarnbanesville, eller berre sville, er rektangulære elemenet laga av tre, stål eller armert betong som ligg side om side med høvelege jamne mellomrom på tvers under dei to skjenene i eit jarnbanespor for å halde skjenene på plass og i rett avstand frå kvarandre, og overføre tyngda av toga til den underbygginga av grus eller pukkstein som sporet ligg på. Svillene er halde fast i grus- eller pukklaget, ballasten, ved at grusen eller pukken er pakka fast ikring dei ved hjelp av maskinar laga til slikt bruk. Skjenene er festa til svillene med ulike innretningar, avhengig av mellom anna om svillene er av tre, betong eller stål. Tresviller, som var det vanlegaste tidlegare, og framleis vert nytta, men som for det meste er erstatta med betongsviller på hovudstrekningar, er gjerne trykkimpregnert med kreosot for ikkje å rotne.
-
Gamal jarnbane med sviller av tre
-
Betongsviller vert lagt ut på ei høgfartsstrekning under bygging. Her vil svillene verte støypte fast til eit betongunderlag.
-
Det er òg utvikla sviller av kunstig materiale, «kunstig tre».
-
Trikkeskjener i gater vert halde saman med tversgåande stålstenger, og vert no som oftast støypte fast til eit betongunderlag.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jernbaneverket: Om sviller Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.