[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

James Cameron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Cameron

Fødd16. august 1954 (70 år)
FødestadKapuskasing
FødenamnJames Francis Cameron
Aktive år1978–
Verka somfilmprodusent, filmregissør, manusforfattar, filmklyppar, oppfinnar, regissør, velgjerar, ingeniør, skodespelar, oppdagar, TV-produsent, produsent
EktefelleGale Anne Hurd, Suzy Amis, Kathryn Bigelow, Linda Hamilton
PrisarOscar for beste regi, Directors Guild of America Award, Oscar for beste klipping, Oscar for beste film, Golden Globe for beste regi, California Hall of Fame, Nierenberg Prize, Hans Hass Award, Hubbard-medaljen, Canada’s Walk of Fame, Science Fiction and Fantasy Hall of Fame, Golden Raspberry Award for verste manuskript, Companion of the Order of Canada, Golden Globe for beste regi, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Hugo Award for Best Dramatic Presentation, Dallas-Fort Worth Film Critics Association Award for Best Director
James Cameron i desember 2009

James Francis Cameron, også kjent som Jim Cameron, (fødd 16. august 1954 i Canada) er ein canadisk Oscar- og Golden Globe-prisa filmprodusent, regissør, manusforfattar og oppfinnar.[1][2] Han flytta til USA i 1971. James Cameron er kjent for mange regisserte og skrivne filmar som The Terminator (1984), Aliens (1986), The Abyss (1989), Terminator II (1991), Titanic (1997) og Avatar (2009). Dei siste to filmane er dei to mest innbringande filmane i historia på verdsbasis.

James Cameron vart fødd i Kapuskasing i Ontario i Canada, men voks opp i Chippawa utanfor Niagara Falls i Ontario. I 1971 flytta familien hans til California i USA, der Cameron begynte å studere fysikk. Samtidig hadde han ein stor lidenskap for filmproduksjon, og mykje tid vart brukt i filmarkivet til UCLA. Her likte han seg veldig godt, så mykje at han fann fort ut at film var den største lidenskapen hans.

Neste prosjektet til Cameron, er filmen Battle Angel som er planlagt utgjeve rundt 2012. Cameron har også sagt at han er interessert i å gje ut ei 3D utgåve av Titanic.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. A. Thomspon (11. desember 2009). «The Innovative New 3D Tech Behind James Cameron's Avatar» (på engelsk). Fox News. Henta 27. desember 2009. 
  2. «James Cameron returns to abyss with Reality Camera System» (på engelsk). Sony. desember 2009. Henta 27. desember 2009. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]