Jailbreak av Thin Lizzy
Jailbreak Singel av Thin Lizzy frå albumet Jailbreak | ||
B-side |
Running Back | |
---|---|---|
Utgjeve | 6. august 1976 (Storbritannia)[1] | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:01 | |
Selskap | Vertigo | |
Låtskrivar(ar) | Phil Lynott | |
Produsent | John Alcock | |
Thin Lizzy-kronologi | ||
«The Boys Are Back in Town» (1976) |
Jailbreak | «Cowboy Song» (1976)
|
«Jailbreak» er ein song av Thin Lizzy opphavleg gitt ut som tittelsporet i 1976 på albumet Jailbreak. I lag med «The Boys Are Back in Town» er det ein av dei mest populære songane deira, ofte spelt på classic rock-radio.
Låten er typisk for musikken til bandet, med den doble sologitarharmonien og bruk til Brian Robertson av wah-wah-pedal. Teksten til Phil Lynott om ei fengselsflukt er den typiske personifiseringa av dei «tøffe gutane», som ein òg ser i «The Boys Are Back in Town» og den faste konsertavsluttaren og fanfavoritten «The Rocker». Ein alternativ versjon av songen dukka opp på bonusdisken til den ommastra luksusutgåva av Jailbreak-albumet frå 2011, med ein kort munnleg introduksjon og ekstra gitarparti gjennom heile albumet.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1976) | Plassering |
---|---|
UK Singles (Official Charts Company)[2] | 31 |
Bruk i media
[endre | endre wikiteksten]I desember 2008 vart songen kåra til den 73. beste hardrocklåten gjennom tidene av VH1.[3]
«Jailbreak» er brukt i filmane Detroit Rock City, Joe Dirt, Bordello of Blood og Gracie og vart òg brukt i Veronica Mars-episoden «Ahoy, Mateys!» og i MTV-showet Jackass.
Den 3. februar 2009 vart eit konsertopptak av songen (frå livealbumet Still Dangerous) gitt ut som nedlastbart innhald til Rock Band som del av ein Thin Lizzy-pakke (som òg inneheldt versjonar av «The Boys Are Back in Town» og «Cowboy Song» frå same album).
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Jailbreak av Anthrax frå albumet Anthems | ||
Utgjeve | 1. mars 2013[4] | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:06 | |
Selskap | Megaforce | |
Låtskrivar(ar) | Phil Lynott | |
---|---|---|
Produsent | Anthrax, Jay Ruston, Rob Caggiano |
- Det Minnesota-baserte glam metal-bandet Slave Raider spelte inn songen på sitt andre album, What Do You Know About Rock 'N Roll?, i 1988.
- Master spelte inn songen på albumet Collection of Souls i 1993.
- Eit konsertopptak av songen av Jon Bon Jovi vart òg brukt som b-side på «Queen of New Orleans» i 1997.
- Fu Manchu spelte inn songen som bidraget sitt til ein splitta 7-tommar med Fatso Jetson i 1998. Den vart lagt til nyutgjevinga Godzilla's/Eatin' Dust i 2019.
- Det amerikanske death metal-bandet Six Feet Under spelte inn songen på albumet Maximum Violence i 1999.
- Blue Öyster Cult spelte songen på konsert (med gitarist Al Pitrelli) i 1999.
- Supersuckers spelte songen på konsertalbumet Live at The Magic Bag, Ferndale, MI frå 2004.
- Gary Moore spelte songen på 2005-festivalen One Night in Dublin som seinare vart gitt ut i 2006.
- Dropkick Murphys spelte han inn i 2007 for albumet deira The Meanest of Times, som eit bonusspor.
- «Jailbreak» er sterkt sampla i Girl Talk-songen «Don't Stop» frå 2008.
- Grave Digger gav ut ein versjon på EP-en sin Ballads of a Hangman i 2009.
- Anthrax spelte inn songen på EP-en sin Anthems.[5]
- Europe spelte inn songen med Scott Gorham som spesiell gjest under 30-årsjubileumskonserten til Europe på Sweden Rock Festival i 2013, ein konsert som vart gitt ut på DVD og Blu-ray.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Phil Lynott – bassgitar, vokal, akustisk gitar
- Scott Gorham – solo- og rytmegitar
- Brian Robertson – solo- og rytmegitar
- Brian Downey – trommer, perkusjon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jailbreak (Thin Lizzy song)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Thin Lizzy singles UK cat no.».
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ «Vh1 Top 100 Hard Rock Songs». Arkivert frå originalen 12. februar 2009. Henta 23. april 2023.
- ↑ «Horns Up Rocks: Listen To ANTHRAX's Cover of THIN LIZZY's «Jailbreak»!». Hornsuprocks.blogspot.com. 1. mars 2013. Henta 11. oktober 2016.
- ↑ «Anthrax Release Cover of Thin Lizzy's 'Jailbreak'». Ultimateclassicrock.com. 1. mars 2013. Henta 11. oktober 2016.