Ivan
Utsjånad
Ivan er eit mannsnamn, ei russisk form av namnet Johannes, som tyder «Gud er nådig».
Ivan har i Noreg namnedag 22. januar.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]- I folketeljinga frå 1801 var det 2 som hadde namnet Ivan, begge budde i Finnmark
- I 1900 var 66 listeførte med namnet Ivan, flest i Oslo
- I 2008 har 1 213 menn Ivan til første fornamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Ivan IV av Russland (1530–1584), russisk tsar kjend som «Ivan den grusomme»
- Ivan Masepa (1639-1709), ukrainsk adelsmann
- Ivan Turgenjev (1818-1883), russisk forfattar
- Ivan Sjisjkin (1832-1898), russisk målar
- Ivan Kramskoj (1837-1887), russisk målar
- Ivan Pavlov (1849–1936), russisk lege og nobelprisvinnar
- Ivan Reitman (f. 1946), slovakisk-kanadisk filmregissør
- Ivan Kristoffersen (f. 1931) norsk politikar
- Ivan Haugland (f. 1960) norsk politikar
- Ivan Basso (f. 1977), italiensk syklist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Ivan hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet