Indelibly Stamped
Indelibly Stamped Studioalbum av Supertramp | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. juni 1971 | |
Innspelt | April til mai 1971 | |
Studio | Olympic Studios i London | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 40:33 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Supertramp | |
Supertramp-kronologi | ||
---|---|---|
Supertramp (1970) |
Indelibly Stamped | Crime of the Century (1974)
|
Indelibly Stamped er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i 1971. Det markerte ei dramatisk endring mot meir streit rock enn debutplata, og i følgje notata bandet sjølv skreiv i omslaget var «Travelled» den einaste songen som minna om debutplata. Som debutplata selde det derimot dårleg då det kom ut, men i seinare år har det selt til gullplate i Frankrike og Canada. Plateomslaget syner biletet av overkroppen til ei tatovert og topplaus kvinne. Dette var det første Supertramp-albumet som kom ut i USA, men A&M klistra to gullstjerner over brystvortene på omslaget.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Roger Hodgson sa seinare at Indelibly Stamped var «overlevingsalbumet som sette oss attende på den gode sida til manageren vår. Det var ikkje noko tema for albumet og me dreiv og kava.»[1] Dei nye medlemmane Kevin Currie, Frank Farrell og Dave Winthrop vart alle henta inn kort tid før innspelinga tok til.[1]
Songen «Times Have Changed» utvikla seg frå ein song kalla «Times of Rain», som var skriven med Richard Palmer-James medan han framleis var med i gruppa. Rick Davies og Roger Hodgson skreiv ny tekst til songen og gav han nytt namn.[2]
Albumet vart marknadsført med ei rekkje konsertar i P.N. Club i München, der Supertramp hadde heldt dei første konsertane sine. Rick Davies skildra sceneshowet deira på denent ida som «verkeleg heilt Rock and Roll. Me brukte å få folk opp på scenen og det var heilt kaos. Me hoppa av stad og gjorde tre ekstranummer, men det var kjøpt og poteter bak det. Verken fleire eller færre folk kom til den neste konserten.»[1] Dette var det siste albumet der Roger Hodgson spelte bass medan han var i Supertramp.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
I ei kort melding skildra AllMusic albumet som ei forbetring av debutplata, men meinte det framleis var nokre instrumentalparti som var for lange.[3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songane er skrivne av Rick Davies og Roger Hodgson, utanom der andre nemnde.
All solovokal av Rick Davies, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Your Poppa Don't Mind» | 2:58 | ||
2. | «Travelled» | Hodgson | 4:15 | |
3. | «Rosie Had Everything Planned» | Hodgson, Frank Farrell | Hodgson | 2:58 |
4. | «Remember» | 4:00 | ||
5. | «Forever» | 5:05 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Potter» | Dave Winthrop | 2:23 |
7. | «Coming Home to See You» | 4:39 | |
8. | «Times Have Changed» | 3:42 | |
9. | «Friend in Need» | 2:08 | |
10. | «Aries» | Hodgson | 7:25 |
Total lengd: | 40:33 |
- «Rosie Had Everything Planned» er den einaste originale songen i heile Supertramp-katalogen der Rick Davies ikkje er oppført som låtskrivar.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Rick Davies – akustisk og Wurlitzer piano, Hammondorgel, solovokal, munnspel
- Roger Hodgson – akustisk og elektrisk gitar, bassgitar (spor 3), solo- (spor 2, 3, 10) og korvokal
- Dave Winthrop – fløyte, saksofon, solovokal (spor 6)
- Frank Farrell – bassgitar (all spor utanom 3), piano og trekkspel (spor 3), korvokal
- Kevin Currie – perkusjon, trommer
Produksjon
- Produsent: Supertramp
- Lydteknikar: Bob Hall
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Indelibly Stamped» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 36–38. ISBN 0-9691272-2-7.
- ↑ Fuentes, Abel (January 2011). Interview with Richard Palmer, Supertramp Soap Box Asylum. Henta 9. juni 2020.
- ↑ 3,0 3,1 Indelibly Stamped på Allmusic
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Canadian album salstrofé – Supertramp – Indelibly Stamped». Music Canada.
- ↑ «French album salstrofé – Supertramp – Indelibly Stamped» (på fransk). InfoDisc. Select SUPERTRAMP and click OK