Ian Hill
Ian Hill | |||
| |||
Fødd | 20. januar 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | West Bromwich i England | ||
Fødenamn | Ian Frank Hill | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1969 til i dag | ||
Sjanger | Heavy metal, speed metal, hard rock | ||
Instrument | Bassgitar | ||
Kjende instrument | Spector bass, Fender Jazz Bass | ||
Tilknytte artistar | Judas Priest | ||
Plateselskap | Columbia | ||
Verka som | bassist, musikar |
Ian Frank Hill (fødd 20. januar 1951) er ein engelsk musikar, mest kjend som bassist i heavy metal-bandet Judas Priest.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Hill lærte seg å spele kontrabass frå faren, som spelte bass i lokale jazzband. Faren døydde då han var femten år gammal. I 1970 var Hill saman med skulekameraten K.K. Downing med å skipe det banebrytande heavy metal-bandet Judas Priest. Han har spelt bassgitar i bandet sidan den gongen, og er i dag det einaste originale medlemmet som er att, etter at Downing slutta i 2011.
Hill er kjend for den stødige og melodiske basspelinga, som var ein ideell bakgrunn for dei doble gitarane til K.K. Downing og Glenn Tipton, i lag med den opera-aktige vokalen til Rob Halford. I tidlege år med bandet spelte han bass med fingrane, men brukte seinare plekter. Det var Hill som henta Rob Halford inn i Judas Priest. Dei to møtte kvarandre då Hill var kjæraste med syster til Halford og nemnde at han trengde ein ny vokalist for bandet. Halford slutta i det førre bandet sitt, Hiroshima, og tok med seg trommeslagaren John Hinch, som seinare måtte gå frå bandet eitt album fordi han ikkje var god nok.
Hill gifta seg med syster til Rob Halford, Sue, i 1976, men dei skilde seg i 1984. I lag har dei sonen Alex som vart fødd i 1980. Hill budde seinare i Florida og gifta seg på ny. Dei har ei dotter i lag. Han bur i dag i Staffordshire i England.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Rocka Rolla (1974)
- Sad Wings of Destiny (1976)
- Sin After Sin (1977)
- Stained Class (1978)
- Killing Machine/Hell Bent for Leather (1978/1979)
- British Steel (1980)
- Point of Entry (1981)
- Screaming for Vengeance (1982)
- Defenders of the Faith (1984)
- Turbo (1986)
- Ram It Down (1988)
- Painkiller (1990)
- Jugulator (1997)
- Demolition (2001)
- Angel of Retribution (2005)
- Nostradamus (2008)
- Redeemer of Souls (2014)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ian Hill» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: