Humleblom
Utsjånad
Humleblom | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Slekt: | Humleblom Geum L., 1753 |
Humleblom (Geum) er ei planteslekt i rosefamilien. Plantane er fleirårige og har grov mørk jordstengel og opprett stengel med finna blad nede og trekopla eller trelappa blad oppe. Dei har femtalsblomster med mange mjølberarar. Fruktene er langhåra smånøtter med lang griffel som til slutt er stiv og med krok i enden etter at den øvre delen er visna. Fem artar veks i Noreg.
Norske artar:
- Enghumleblom (Geum rivale)
- Stridhumleblom (Geum hispidum)
- Kratthumleblom (Geum urbanum)
- Russehumleblom (Geum aleppicum)
- Amerikahumleblom (Geum macrophyllum)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nejlikrotssläktet» frå Wikipedia på svensk, den 8. januar 2011.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.