[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Hugo Award

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hugo Award, Hugoprisen, er ein årleg pris for beste arbeid innan fabelprosa. Den er rekna for ein av dei viktigaste prisane innan sjangeren, på linje med Nebulaprisen. Prisen er oppkalla etter Hugo Gernsback, grunnleggaren av science fiction magasinet Amazing Stories.

Hugoprisen vart starta opp i 1939 og har blitt utdelt årleg sidan 1955. Ifrå midten av nittitalet vart det mogleg å dele ut ein pris retroaktivt, til eit år ein ikkje hadde erklært nokon vinnar eller arrangert nokon konkurranse. Kategoriane for prisutdeling varierte i dei første åra, før dei stabiliserte talet kategoriar rundt 1960. I dag er det 14 kategoriar som ein kan nominere til.

Nominasjonar til prisane og avstemming vert gjort av deltakarar på World Science Fiction Convention, noko som gjer den styrt av lesarane. Igjennom 90 talet var det vanleg med mellom 450 og 950 deltakarar på avstemminga.[1]

Best Novel (Beste roman)

[endre | endre wikiteksten]

Denne kategorien inneheld verk med ein lengde på 40 000 ord eller meir.

2010-åra
År Forfattar Originaltittel Merknad
2012 Jo Walton Among Others
2011 Connie Willis Blackout/All Clear
2010 China Miéville The City & The City
Paolo Bacigalupi The Windup Girl
2000er
År Forfattar Originaltittel Merknad
2009 Neil Gaiman The Graveyard Book  
2008 Michael Chabon The Yiddish Policemen's Union  
2007 Vernor Vinge Rainbows End
2006 Robert Charles Wilson Spin  
2005 Susanna Clarke Jonathan Strange & Mr Norrell  
2004 Lois McMaster Bujold Paladin of Souls  
2003 Robert J. Sawyer Hominids  
2002 Neil Gaiman American Gods  
2001 Joanne K. Rowling Harry Potter and the Goblet of Fire  
2000 Vernor Vinge A Deepness in the Sky  
1990
År Forfattar Originaltittel Merknad
1999 Connie Willis To Say Nothing of the Dog  
1998 Joe Haldeman Forever Peace  
1997 Kim Stanley Robinson Blue Mars  
1996 Neal Stephenson The Diamond Age  
1995 Lois McMaster Bujold Mirror Dance  
1994 Kim Stanley Robinson Green Mars  
1993 Connie Willis Doomsday Book
Vernor Vinge A Fire Upon the Deep
1992 Lois McMaster Bujold Barrayar  
1991 Lois McMaster Bujold The Vor Game  
1990 Dan Simmons Hyperion  
1980
År Forfattar Originaltittel Merknad
1989 C. J. Cherryh Cyteen  
1988 David Brin The Uplift War  
1987 Orson Scott Card Speaker for the Dead  
1986 Orson Scott Card Ender's Game  
1985 William Gibson Neuromancer  
1984 David Brin Startide Rising  
1983 Isaac Asimov Foundation's Edge  
1982 C. J. Cherryh Downbelow Station  
1981 Joan D. Vinge The Snow Queen  
1980 Arthur C. Clarke The Fountains of Paradise  
1970
År Forfattar Originaltittel Merknad
1979 Vonda N. McIntyre Dreamsnake  
1978 Frederik Pohl Gateway  
1977 Kate Wilhelm Where Late the Sweet Birds Sang  
1976 Joe Haldeman The Forever War  
1975 Ursula K. Le Guin The Dispossessed  
1974 Arthur C. Clarke Rendezvous with Rama  
1973 Isaac Asimov The Gods Themselves  
1972 Philip José Farmer To Your Scattered Bodies Go  
1971 Larry Niven Ringworld  
1970 Ursula K. Le Guin The Left Hand of Darkness  
1960
År Forfattar Originaltittel Merknad
1969 John Brunner Stand on Zanzibar  
1968 Roger Zelazny Lord of Light  
1967 Robert A. Heinlein The Moon Is a Harsh Mistress  
1966 Frank Herbert Dune Unentschieden
Roger Zelazny "…And Call Me Conrad"
også: This Immortal
1965 Fritz Leiber The Wanderer  
1964 Clifford D. Simak "Here Gather the Stars"
også Way Station
 
1963 Philip K. Dick The Man in the High Castle  
1962 Robert A. Heinlein Stranger in a Strange Land  
1961 Walter M. Miller, Jr. A Canticle for Leibowitz  
1960 Robert A. Heinlein Starship Troopers  
1950
År Forfattar Originalen sin tittel Merknad
1959 James Blish A Case of Conscience  
1958 Fritz Leiber The Big Time  
1957 – ikkje utdelt dette året–
1956 Robert A. Heinlein Double Star  
1955 Mark Clifton
& Frank Riley
They'd Rather Be Right
også: The Forever Machine
 
1954 Ray Bradbury Fahrenheit 451 Retropris delt ut i 2004
1953 Alfred Bester The Demolished Man  
1951 Robert A. Heinlein Farmer in the Sky Retropris delt ut i 2001
1940
År Forfattar Originaltittel Merknad
1946 Isaac Asimov The Mule Retropris delt ut i 1996

Andre prisar

[endre | endre wikiteksten]

Nebulaprisen er rekna for den andre store prisen innan science fiction. Den er stemt fram av amerikanske forfattarar som har skrive fabelprosa.

Locus-prisen vert stemt fram av lesarane til Locus Magazine. Dette har gjeve denne prisen ei større stemmemasse enn Hugo prisen.

Seiun-prisen er ein japansk pris, som er vert stemt fram av deltakarane på den japanske nasjonale science fiction-festivalen. Seiun er japansk for stjernetåke, eller nebula.

Kurd Laßwitz-prisen (Kurd-Laßwitz-Preis)er ein tysk pris, etter modell av Nebulaprisen.

Worldcon som delar ut Hugo prisen, delar og ut John W. Campbell-prisen for beste nye forfattar. I tida 1974 til 1980 gav festivalen og ut Gandalfprisen for Stormeister innan fantasy, og i tida 1978 til 1979 for beste fantasibok.

John W. Campbell Memorial Award for Best Science Fiction Novel vert delt ut av ein jury. Denne prisen er ikkje knytt opp imot Worldcon i det heile teke.

  1. Hugo Voting: Let's look at the record again, arkivert frå originalen 22. desember 2008, henta 7. juli 2008 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]