Hughes Bay
Hughes Bay | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 64°13′S 61°20′W / 64.217°S 61.333°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hughes Bay 64°18′S 61°03′W / 64.3°S 61.05°W | |||
Hughes Bay er ei bukt som ligg mellom Cape Sterneck og Cape Murray langs vestkysten av Den antarktiske halvøya.[1] Ho er 42 km brei og ligg sør for Chavdar Peninsula og nord for Pefaur Peninsula på Danco Coast på vestsida av Graham Land.
Namnet har vore nedskrive på kart i over 100 år til minne om Edward Hughes, kaptein på «Sprightly», som var ei selskut eigd av kvalfangstselskapet Samuel Enderby & Sons i London, som utforska området i 1824–25.[1][2]
Hughes Bay kan ha vore staden der menneske første gongen gjekk i land på det antarktiske fastlandet, då selfangarar frå den amerikanske selskuta «Cecilia» under kaptein John Davis den 7. februar 1821 visstnok vitja bukta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Hughes Bay». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012.
- ↑ Alberts, Fred G., red. (June, 1995). Geographic Names av Antarctica (PDF) (second utg.). USA Board on Geographic Names. s. 352. Henta 14. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hughes Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).