Homo erectus
Homo erectus | |
Rekonstruksjon av eit Homo erectus-hovud. | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Familie: | Hominidae |
Slekt: | Homo |
Art: | †H. erectus |
Vitskapleg namn | |
Homo erectus |
Homo erectus ('det oppreiste mennesket') er ein menneskeape i slekta Homo som levde for rundt 1-2 millionar sidan. Arten oppstod i Afrika og spreidde seg heilt til Kina og Java (i Indonesia). Homo erectus blir anten rekna som ein direkte stamart til det moderne mennesket, eller som ein separat art som levde samstundes som ein annan direkte stamart og Homo neanderthalensis.
Homo erectus vart om lag 1,65 meter høgt og er dei første menneskeapane me kjenner til som gjekk heilt oppreist. Dei hadde eit hjernevolum på 750-1250 kubikkcentimeter. Kraniet er langstrakt men flatt, med utprega augebrynsrygger og ein utskytande underkjeve.
Dei kan ha brukt eld og hadde ein verktøykultur som blir kalla acheuléen. Dei laga jaktvåpen for å felle dyr, men som òg kunne brukast til å knuse bein slik at dei kom til beinmargen.
Det første skjelettfunnet av H. erectus vart gjort av Eugène Dubois i Trinil på Java i Indonesia, og fekk namnet Javamennesket.
Pekingmennesket Sinantropus (funne 1928) høyrer òg til Homo erectus. Nokre forskarar ser ein eigen art i Afrika, Homo ergaster, 'handverkarmennesket'. Dit høyrer òg det 1,6 millionar år gamle fullstendige skjelettet av Turkana-guten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Homo erectus» frå Wikipedia på bokmål, den 11. oktober 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Homo erectus» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]