Hillary Coast
Utsjånad
Hillary Coast (79°20′S 161°0′E / 79.333°S 161.000°E) er den delen av kysten av Antarktis som ligg langs vestdelen av Ross isbrem mellom Minna Bluff og Cape Selborne. Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee i 1961 og kalla opp etter Sir Edmund Hillary, leiaren for det newzealandske laget i Commonwealth Trans-Antarctic Expedition, 1956–58. Forskjellige forskarteam frå New Zealand gjorde detaljerte landmålingar av delar av denne kysten og fann ruter opp Skelton Glacier og Darwin Glacier til platået.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Hillary Coast». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hillary Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).