Hennepin County
Utsjånad
Hennepin County er eit fylke aust i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Fylket har eit areal på 1570 km², 140 km² er dekt av vatn. I 2010 budde vel 1,15 millionar menneske i fylket, som er det mest folkerike i delstaten. Fylkesadministrasjonen har sete i storbyen Minneapolis.
Fylket vart grunnlagt i 1852. Ei undersøking 2010-15 rekna 26,3 % som tyskætta, 12,6 % norskætta, 10,8 % irskætta og 8,3 % svenskætta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hennepin County, Minnesota» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2020.