Hayle
Hayle | ||
---|---|---|
kornisk | Heyl | |
Hayle Viaduct frå ein ås ved munningen til estuaret | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cornwall | |
Distrikt | Cornwall | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
8 317 | |
Koordinatar | 50°11′N 5°25′W / 50.183°N 5.417°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | TR27 | |
Telefon-retningsnummer | 01726 | |
Hayle (kornisk Heyl) er ein liten by i Cornwall i England. Han ligg ved han sørlege enden av St. Ives-bukta, ved estuaret til elva Hayle. Det korniske namnet tyder «fjord».
Han var tidlegare ein viktig fiskarby og utskipningshamn for tinn og andre varer. Fleire koparsmeltarar virka i byen, og den austlege delen har namnet Copperhouse etter denne verksemda. Det var òg eit jernstøyperi, som no står i ruinar.
På 1800-talet hadde det blitt meir lønsamt å eksportere råtinn framfor å smelte det i Hayle, og dermed starta ei nedgangstid for byen. I 1970-åra slutta ein å bruke hamna til større skip, då kostnadane for oppmudring var for høge.
Viktigaste næringsveg er no turisme. Rundt bukta ligg sandstrender over ei strekning på omkring 5 km. Godrevy fyr er eit viktig landemerke, som skal ha inspirert Virginia Woolf sin To the Lighthouse.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hayle (Cornwall)» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.