Harold Scott MacDonald Coxeter
Harold Scott MacDonald Coxeter | |||
| |||
Fødd | Harold Scott MacDonald Coxeter 9. februar 1907 London, Kensington | ||
---|---|---|---|
Død | 31. mars 2003 Toronto | ||
Nasjonalitet | Storbritannia, Canada | ||
Område | geometri | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of Toronto University of East Anglia Universitetet i Amsterdam | ||
Alma mater | Trinity College i Cambridge University of Cambridge St George's School Princeton University King Alfred School Marlborough College | ||
Doktorgradsrettleiar | H. F. Baker | ||
Medlem | Royal Society Royal Society of Canada American Academy of Arts and Sciences Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen |
Harold Scott MacDonald Coxeter (fødd 9. mars 1907 i London, død 31. mars 2003) var ein engelsk matematikar.
Han hadde doktorgrad ved Universitet i Cambridge frå 1931 og frå 1936 professor ved Universitetet i Toronto i Canada fram til han døydde. Hovudinteressa var geometri, og han gav vesentleg bidrag til teorien for polytop, ikkje-euklidsk geometri og gruppeteori. Han skreiv fleire bøker om geometriske emne som har hatt grunnleggande innverknad på oppfatninga vår av klassisk geometri. Han framstod som den viktigaste geometeren på 1900-talet. I 1954 møtte han Maurits Cornelis Escher og dei to utvikla eit nært samarbeid og venskap som fekk stor tyding for tesselleringsarbeida til Escher, særskild i det hyperbolske planet.
Coxeter fekk tildelt den høgaste ordenen til Canada i 1997.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Harold Scott MacDonald Coxeter». Store norske leksikon. 19. oktober 2011.