[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Hans Adolph Brorson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Adolph Brorson

Hans Adolph Brorson måla av Johan Hörner
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 20. juni 1694
Randerup
Død

3. juni 1764 (69 år)
Ribe

Yrke lyrikar, prest, teolog, salmediktar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Hans Adolph Brorson på Commons

Hans Adolph Brorson (20. juni 16943. juni 1764) var ein dansk salmediktar frå Randerup. Brorson var biskop i Ribe frå 1741 til 1764. Brorson vert rekna som pietismens salmediktar i Norden. Han er mest kjend for sine julesalmar.

Brorson sitt liv

[endre | endre wikiteksten]

Hans A.Brorson vart fødd i Randerup i Ribe i Danmark av foreldra Kathrine Margrethe Clausen og Broder Brorson. Faren til Hans Adolph var prest, slik også far hans igjen, Broder Pedersen, var det. Hans Adolph hadde to brør, Nicolai eller Niels fødd 1690 og Broder fødd 1692.

Frå 1712 studerte han teologi, språk, historie og filosofi i København, men helsa svikta så han måtte avbryte studia etter fire år utan eksamen. Året etter fekk han likevel ein post som huslærar i Løgumskloster. Her vart han gripen av den pietistiske vekkinga som hadde utgangspunkt i Halle, og som tok kampen opp mot lunken og likegyldig religiøsitet.

I 1722 tok han teologisk embetseksamen og vart innsett som sokneprest på heimstaden. Same året gifta han seg med 16 år gamle Cathrine Stenbæk Clausen. I 1729 vart han tilsett som prest for dei dansktalande i den tysk-danske byen Tønder, og i 1737 vart han stiftsprost i Ribe. Då biskopen døydde i 1741 vart Hans A. Brorson biskop i Ribe.

Samstundes venta kona hans deira trettande barn, og Brorson venta derfor med reise til Kjøbenhavn for ordinasjonen. Men både Cathrine og barnet døydde ved fødselen. I 1742 vart Brorson gift på nytt, no med Johanne Christine Riese.

Som biskop fekk han oppleve ei stor vekking i Ribe. Her arbeidde han til vart sjuk og døydde nær 70 år gammal.

Brorson som salmediktar

[endre | endre wikiteksten]
Brorson kalla salmeboka han gav ut Troens rare Klenodie. Tittelblad utgåve frå 1742
H.A. Brorson, ståltrykk

Som dansk prest i ein kyrkjelyd med tyske salmebøker, er det truleg at Brorson starta sin diktarkarrière med å omsetje tyske salmar. Den første samlinga hans, Nogle Jule-Psalmer, innheldt likevel hans eigne tekstar. Fleire tilsvarande samlingar følgde i åra som kom, og i 1739 gav han ut samlinga Troens rare Klenodie, med 282 salmar - ein tredel av desse var Brorson eigne, dei fleste av dei andre omsette frå tysk.

Brorson delte salmeboka inn tematisk:

1. del: Troens Fryde-Fest (70 salmar til høgtidene i kyrkjeåret)
2. del: Troens Grund (den objektive og subjektive, i 58 salmar)
3. del: Troens Midler (21 salmar om Ordet, bøna og sakramenta)
4. del: Troens Frugt (41 salmar om liv, tru og kjærleik)
5. del: Troens Kamp og Seier (31 salmarom krossens løyndom og andeleg strid)
6. del: Troens Herlighed (22 salmar m.a. om de Troends høie Adelskab))
7. del: Troens Ende (9 salmar om daude og oppstòde, sæle og fordømming)

Med Brorson sine salmar fekk den statskyrkjelege pietismen i Danmark salmetilfang til å føre pietismen inn i kyrkjesongen. Mange av salmane hans vart tekne inn i Pontoppidans salmebok frå 1740 og sidan i Guldbergs salmebok fra 1778.

Etter at Brorson døydde, fann borna hans nokre etterlatne salmar som dei gav ut i Svanesang. Men då var Brorson si tid ute, under rasjonalismen forsvann han ut or kyrkjesongen og vart - for ei tid - nær gløymd i Danmark.

På slutten av 1800-talet tok dei på nytt salmane hans inn i salmebøkene. I Ribe minnest han ved ein statue og gjennom klokkespelet, som kvar dag klokka 8.00, 9.00 og 18.00 speler tonane frå hans gamle salmar over byen.

Brorson i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

I Noreg brukte dei fleste kyrkjelydene Kingos salmebok frå 1699, seinare òg Evangelisk-christelig Psalmebog. Den første var eldre enn Brorsons salmar, den neste var i si tid for moderne for pietismens salmar.

I Noreg vart Brorson sine salmar først kjende over heile landet gjennom haugerørsla tidleg på 1800-talet. Nær halvparten av salmane i Hans Nielsen Hauge si salmebok De sande Christnes udvalgte Psalmebog var skrivne eller omsette av Brorson. Både Troens rare Klenodie og Svanesang vart trykte opp att fleire gonger. Det er funne om lag 300 norske folketonar til Brorson sine salmar; dette vitnar om populariteten til salmane hans.

Som i Danmark vart Brorsons salmar tekne inn i kyrkjevarmen på slutten av 1800-talet. Enno vert salmane hans sungne i norske kyrkjer, dei fleste riktignok i redigert og avkorta form.

  • Nr 10 Til høgtid no seg samle
  • Nr 11 På Jesu død og dyre sår
  • Nr 41 Den yndigste rose er funnen
  • Nr 42/43 Her kjem me, Jesus, dine små
  • Nr 44 I denne glade juletid
  • Nr 45 Mitt hjerte alltid vanker
  • Nr 74 Stå fast min sjel, stå fast i Herrens kriger!
  • Nr 75 Korset vil jeg aldri svike
  • Nr 84 Saligheten er oss nær
  • Nr 107 Den tro som Jesus favner
  • Nr 106 Jeg går i farehvor jeg går
  • Nr 175 Åpen ligger graven!
  • Nr 200 Jeg ser deg, o Guds lam å stå
  • Nr 201 I dag skal all ting sjunge
  • Nr 244/245 Den store, kvite flokk å sjå
  • Nr 269 Overmåte full av nåde
  • Nr 283 Opp, alle ting som Gud har gjort
  • Nr 328 Å, hvor er jeg vel til mote
  • Nr 329 Kven vil no meg klaga
  • Nr 330 Guds sønn har gjort meg fri
  • Nr 365 Å, hvilken ære
  • Nr 368 O du min Immanuel
  • Nr 410 Hvordan takker vi vår Herre
  • Nr 442 Opp, våk og be
  • Nr 443 Halleluja, jeg har min Jesus funnet
  • Nr 484 Vær frimodig, rede hjerte
  • Nr 506 Opp alle folk på denne jord
  • Nr 530 O Fader, la ditt ord, din Ånd
  • Nr 758 O Gud, som tiden vender
  • Nr 760 Til regnskap gjør deg nå beredt
  • Nr 849 Når mitt øye, trett av møye
  • Nr 850 Hvor er det godt å lande

«Den yndigste Rose er funden» er teke opp i Danmarks kulturkanon si lyrikkantologi.[1]

  1. «Kulturkanonen, Litteratur, Lyrikantologi» (PDF) (på dansk). Kulturministeriet. 2005. s. 132–133. Arkivert frå originalen (PDF) 23. oktober 2014. Henta 16. september 2016. 
  • H.A. Brorson: Troens rare Klenodie med Svanesang. Med Forfatterens portrait og Levnet. Kjøbenhavn 1865
  • Norsk Salmebok Verbum 1985
  • P.E. Rynning: Salmediktingi i Noreg, Oslo 1954
  • Kristen sang og musikk, Runa forlag 1962

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hans Adolph Brorson