Haapsalu
Haapsalu linn | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Estland | ||||
Maakond | Läänemaa maakond | ||||
Borgarmeister | Ingrid Danilov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
10,59 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2004) - folketettleik |
11 876 1 121,4 /km² | ||||
Koordinatar | 58°57′0″N 23°32′0″E / 58.95000°N 23.53333°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.haapsalu.ee |
Haapsalu (tysk og svensk Hapsal; russisk Хаапсалу, tidlegare Гапсаль) er ein ferieby og kommune på vestkysten av Estland. Han har vore kjend i fleire hundreår for den varme sjøen, den lækjande gjørma og den fredfulle atmosfæren. Mange smale gater med trehus frå tidleg på 1900-talet leier ned mot sjøen. Haapsalu har vorte kalla «Nordens Venezia» på grunn av vatn på alle kantar.[1] Under den kalde krigen låg flybasen Tokhaapsalu sørvest for byen.
Byen er hovudstad i fylket Lääne maakond.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen har ei soge som startar i 1279, då han fekk byrettar og vart sete for bispedømet Ösel-Wiek. Dette var han dei neste 300 åra. Det finst framleis bygningar frå desse åra i i dag, irekna bispepalasset med kyrkja som har det største enkle kyrkjeskipet heile Baltikum, Haapsalu-borga.
I mange år har dei lokale innbyggjarane hevda at gjørma frå havet har lækjande effekt. Ein militærlege, Carl Abraham Hunnius, grunnla den første kurstaden i byen i 1825. Nyhende om den lækjande gjørma nådde aristokratiet i St. Petersburg, som då var hovudstad i Det russiske riket. Sidan den gongen har Haapsalu vore ein populær feriestad for folk frå heile verda som kjem hit for behandling. I dag finst det tre slike senter i Haapsalu.
Haapsalu og det omliggjande området var senter for den svenske folkesetnaden i Estland frå 1200-talet til dei fleste vart tvinga ut av landet i 1944.
På 1800-talet var Haapsalu kjend for Haapsalu-sjalet, eit framifrå handverk laga av dei lokale kvinnene.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Haapsalu» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: