[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Gilbert og Sullivan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gilbert og Sullivan var ein engelsk musikalsk produksjonsduo danna av tekstforfattaren William Schwenck Gilbert (1836–1911) og komponisten Arthur Seymour Sullivan (1842–1900), som laga ei rekkje komiske operaerengelsk. Dei skreiv musikk på høgda av Det britiske imperiet. Musikken kan lett samanliknast med Wagner og Verdi, Teksta og handling er, i motsetnad til dei italienske og franske tragiske operaene, komediar, og Gilbert & Sullivan la grunnlaget for det engelsk-amerikanske kulturfenomenet musikal.

Gilbert & Sullivan haustar stor popularitet i engelskspråklege land, men er mindre kjent i ikkje-engelsktalande land. Den britiske d'Oyly Carte Opera Company hadde opphavleg einerett på å oppføra operaene til Gilbert & Sullivan, men då eineretten gjekk ut i 1961 blei operaene raskt oppført over heile den engelsktalende verda, og då først og fremst på Broadway.

Musikken til Gilbert & Sullivan la grunnlaget for den engelsk-amerikanske musikalen. Han inspirerte i Storbritannia blant anna komponisten og skodespelaren Charlie Chaplin og seinare Andrew Lloyd Webbar, medan blant anna Cole Portar og Ira Gerswhin på Broadway førte den musikalske stilen vidare i USA.

Viktige verk

[endre | endre wikiteksten]