Georg Wankel
Utsjånad
Georg Wankel | |||
Fødd | 12. januar 1843 Moss kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 1. februar 1907 (64 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Barn | Charlotte Wankel, Frida Wankel Maseng | ||
Alle verv |
|
Georg Reinholdt Wankel (12. februar 1843–1. februar 1907) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Moss.
Wankel var son til ein gardbrukar. Han gjekk Ås høgare landbruksskule 1861-63. I 1869 overtok han farsgarden, som han utvida gjennom kjøp av grannegardar. Han starta kalkfabrikk på eigedomen.
Den lange perioden 1877-1905 var han medlem av heradsstyret for Moss landdistrikt, ordførar nokre år frå 1888. Styremedlem 1872-98 i landbruksselskapet i amtet, og 1877-92 i Selskabet for Norges Vel. Han var medredaktør av «Norsk Landmandsblad» 1884-89.
Wankel var 2. representant frå Smaalenenes amt på Stortinget 1889-91, der han var medlem av landbrukskomiteen. Han var vald for partiet Høgre.
Han døydde i Kristiania i 1907.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914