[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Gammelstaden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gammelstaden
Gammelstadens distrikt
Gammal industriarkitektur ved Gammelstadsviken

Gammelstaden (finsk: Vanhakaupunki) er ein bydel i Helsingfors. Gammelstaden er òg namnet på eit av Helsingfors administrative distrikt.

Gustav Vasa grunnla Helsingfors ved utløpet av Helsingeån (no Vanda å) i 1550. Tanken var at den nye byen skulle verta ein konkurrent til Reval (Tallinn) om handelen i Finskebukta. Den grunne vika viste snart seg å vera lite eigna for skipsfarten, og i 1640 vart byen flytta nokon kilometer sørover, ut mot havet. Samstundes vart gamlebyen øydelagt, og det finnast ikkje verna bygningar frå 1500- eller 1600-talet i området.

Gammelstaden har i dag lite bustadsbusetnad; innbyggjartalet ligg på noko over 200. Vassfalla i Vanda å la på 1800-talet grunnlaget for ein del industri. Noko av den gamle industriarkitekturen er verna; ved fossen Gammelstadsforsen ligg blant anna eit kraftverk som enno produserer straum og vert drive som museum.

Gammelstadens distrikt

[endre | endre wikiteksten]

Gammelstadens distrikt omfattar forutan sjølve Gammelstaden bydelane Majstad, Gumtäkt, Kottby og Forsby. Distriktet har 17 417 innbyggjarar (2004).

Gammelstadsforsen