Fornorskinga av samar og kvener
Fornorskinga av samar og kvener var ein politikk som gjekk ut på å oppmuntra eller tvinga samar og kvener til å ta til seg norsk språk og kultur. Denne politikken tok til rundt midten av 1800-talet, og vart intensivert etter 1884. Denne statlege politikken vaks fram med ein opposisjon frå kyrkja, som heller prioriterte å forkynne kristendommen på samisk.
Ein startdato for fornorskingspolitikken er opprettinga av Finnefondet i 1851[1], eit fond for å fremje kunnskap i norsk i Troms og Finnmark. I 1862 vart det utarbeidd ein lærarinstruks som påla lærarane å leggje all flid på å gje barna kunnskapar om norsk språk, og å la foreldra vite kor viktig dette var for barna deira.
Fornorskingspolitikken var dels motivert ut frå at den finske delen av folket var sett som ein tryggingsrisiko dersom det skulle bli konflikt mellom Noreg og Russland (som den gongen òg styrte Finland). Dels var målet at samane, som av dei norske styresmaktene vart oppfatta som eit lite utvikla folkeslag, måtte få del i den moderne sivilisasjonsprosessen.
Arbeidet for å kolonisere Finnmark med norske bureisarar og å assimilere samar og kvener i den norsktalande delen av folket, vart meir markert frå 1880-talet, og hardna endå meir til etter som tida gjekk:
- I 1898 vart det innskjerpa at lærarane måtte nytte «lappisk og kvænsk» minst mogleg, og berre som et hjelpemiddel for å forklare det som var uforståeleg for barna.
- Frå 1902 var regelen at berre folk som kunne norsk, fekk kjøpe jord av staten i Finnmark.
- Ut over 1920-talet medverka òg mange prestar til fornorsking og assimilering.
- I mellomkrigstida vart fornorskingspolitikken overfor kvenene samordna med militære overvakings- og beredskapstiltak.
Da ungdomsskolen på Solhov i 1914 var blitt åpnet, var den norske nasjonale bevissthet blant elevene så liten, at det var vanskelig for deres lærere å få dem til å synge «Ja vi elsker» og «Gud signe Norigs land».
Arthur Ratche i Finsk fare for Finnmark (1936)
|
Motstand mot fornorskingspolitikken
[endre | endre wikiteksten]Samane stod økonomisk svakt, og sjøsamane på kysten stod endå svakare etter at pomorhandelen tok slutt etter den russiske revolusjonen. Arbeid for å byggje opp organisasjonar som kunne stå mot fornorskingspresset, gav små resultat.
Blant samar og kvener i læstadianske miljø, vart finsk rekna som det heilage språket, og mange foreldre gjekk imot bruken av norsk språk i skolen både av nasjonale og religiøse grunnar.
Den første tida møtte den språklege sida av fornorskingsarbeidet motstand frå professor i finsk-ugriske språk J.A. Friis og frå biskop J. N. Skaar. Begge protesterte mot den hardhendte fornorskinga som vart driven på 1880-talet. Stockfleth sine kristendomsbøker på samisk var då ikkje lenger å få kjøpt. Dei meinte at samiske barn i det minste måtte få kristendomsundervisninga på samisk. Skaar tok i 1888 intitativ til etableringa av Norsk Finnemisjon, som skulle sende ut samisktalande predikantar og gje ut kristen litteratur på samisk - «saalænge der inden Tromsø Bispedømme ere Finner, som ikke forstaar det norske Sprog.»
Etterkrigstida
[endre | endre wikiteksten]Framhald av fornorskingspolitikken
[endre | endre wikiteksten]Etter andre verdskrigen vart instruksen om undervisning på norsk oppheva. I praksis heldt fornorskingspolitikken likevl fram: Med evakueringa av Nord-Troms og Finnmark i 1944 tok kunnskapen i norsk ei stort steg framover, slik at det i mange familiar er slik at kunnskap i samisk og kvensk er avhengig av om ein er fødd før eller etter evakueringa. Bruk av internatskolar heldt fram i enno ein generasjon.
1959: Ein ny politikk - på papiret
[endre | endre wikiteksten]I 1956 vart «Komiteen til å utrede samespørsmål» nedsett av Stortinget[2]. Komitéen hadde Asbjørn Nesheim som formann, ordførarane i Kautokeino, Karasjok og Porsanger, formennene i Samisk råd, Reindriftssamenes landsforening, Sámi Sær’vi og lappefuten i Nordland var medlemmer. Komitéen leverte ei innstilling i 1959.
Komitéen la i innstillinga si vekt på bevaringa av samisk, og skreiv: «Den dagen samisk språk er borte, er og det avgjørende kjennemerket på samene borte.» Konklusjonen deira var at vern om samisk var ein viktig del av samisk kulturreising. Komiteen la også vekt på økonomiske tiltak for å støtte dei tradisjonelle samiske næringsvegane, og utbetring av vegnettet i dei samiske områda. Språkpolitikken komitéen gjekk inn for var eit klårt brot med fornorskingspolitikken: «Ethvert barn har en menneskelig rett til å få opplæring på sitt morsmål.» Dermed gjekk dei inn for opplæring på samisk, og opplæring i samisk i staden for tysk på den treårige ungdomsskolen som var i ferd med å bli innført. Som forlenging av dette gjekk komitéen inn for oppretting av eit eige samisk gymnas, og av innføring av samisk kulturhistorie som fag for alle i kommunar med meir enn 20 % samar. Samtidig la komitéen også vekt på at barna også skulle lære norsk.
Som administrative tiltak gjekk komiteen inn for å avløyse Samisk Råd for Finnmark med eit eige Sameråd, og å gje det nett oppretta Nordisk Sameråd (1956) offisiell status. Komitéen gjekk inn for å prioritere kvalifiserte samar til administrative stillingar i samiske område, og for at norsktalande som får sklike stillingar får plikt til å lære seg samisk. Offentlege kunngjeringar skulle vere på både samisk og norsk, og brev til administrasjonen på samisk skulle få svar på same språk.
I Karasjok gjekk eit folkemøte 9. april 1960 mot denne innstillinga , med følgjande grunngjeving: «Vi vil med alle midler motsette oss ethvert tiltak som har til formål å bevare den samiske befolkning i et organisert samfunn i indre Finnmark.» Kommunestyret gjekk også mot komitéen si innstilling, rett nok med 8 mot 7 røyster. Flyttsameforeininga i Karasjok var positiv til innstillinga, og det same var kommunestyra i Kautokeino og Polmak. Dei andre samiske kommunane var mot framlegget om å gå bort frå fornorskingslinja.
Stortingsmelding nr. 21. (1962-63) refererer til Samekomitéen og stør opp om konklusjonane der. Statsråd var Helge Sivertsen, som m.a. grunngav synet sitt med at han sjølv hadde eit språksyn som var i mindretal i landet. Stortingsmeldinga legg vekt på skolepolitikken, og går inn for å gå bort i frå både tospråklege (parallellspråklege) og norskspråklege lærebøker. I staden seier departementet
- «Når samisk språkopplæring er tatt opp i skolen, vil den naturlige konsekvens være at begynnerbøkene lages på samisk med samisk miljøbakgrunn på samme måte som norskbøkene for norsktalende elever.
I skulelova av 1959 kunne samiske born dermed få undervisning på samisk etter avgjerd i departementet, og i 1959 slo skulelova fast at undervsnininga skulle vere på samisk om foreldra kravde det.
Ein ny politikk i praksis
[endre | endre wikiteksten]Stortingsmeldinga av 1959 innebar dermed ein offisiell slutt på fornorskingspolitikken. I praksis skjedde det likevel lite dei neste 20 åra. Dei første skolebøkene på nordsamisk, tre lesebøker for 1-3. klassetrinn, om Lásʹse og Mátʹte, skrive av Inez Boon, kom først i 1967 og 1969. Dei var, i pakt med den nye politikken, einspråklege på nordsamisk. I perioden 1975-1978 kom det fire lesebøker på mellomtrinnet, som oppfølgjing til Boon sine tre første bøker.
Eit bratt sklije i språkpolitikken kom i 1979, då den nye nordsamiske rettskrivinga vart innført. Same året vart det og publisert eit titals lærebøker på nordsamisk i samisk og matematikk for grunnsklolen, dvs. at det for første gong kom lærebøker på samisk i andre fag enn samisk.
Frå då av har den offentlege innsatsen for å ta vare på dei samiske språka vorte styrkt. I 1988 vart grunnlova endra slik at styresmaketene forplikta seg til å vare på samisk språk, kultur og livsform, og å leggje forholda til rette for ei vidare utvikling av språk og kultur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jostein Nærbøvik Norsk historie 1860 – 1914 Det Norske Samlaget 1999 ISBN 82-521-5548-0
- Berge Furre Norsk historie 1914 – 2000 Det Norske Samlaget 1999 ISBN 82-521-5549-9
- Adolf Steen Finnemisjonen 75 år Norges Finnemisjonsselskap 1963
- Stortingsmelding nr. 21 (1962-63) Om kulturelle og økonomiske tiltak av særlig interesse for den samisktalende befolkning
- Fotnotar
- ↑ Jf Stortingsmelding 21. 1962-63, s. 15.
- ↑ Framstillinga i dette avsnittet er basert på Meløy, Lydolf Lind 1980: Tjue år etter Samekomiteen. Syn og Segn 1/1980..