Filmen Elling
Utsjånad
Regi | Petter Næss | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Dag Alveberg | ||
Manus | Axel Hellstenius | ||
Basert på | Brødre i blodet | ||
Medverkande | Per Christian Ellefsen, Sven Nordin | ||
Klipp | Inge-Lise Langfeldt | ||
Musikk | Lars Lillo-Stenberg | ||
Sjeffotograf | Svein Krøvel | ||
Produksjonsselskap | Maipo Film | ||
Distributør | Italian International Film | ||
Utgjevingsdato | 2001, 2. mai 2002 (Tyskland)[1] | ||
Lengd | 85 minutt | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Språk | norsk | ||
Sjanger | dramakomedie, filmkomedie |
Elling er ein norsk, Oscar-nominert film frå 2001 regissert av Petter Næss og basert på den tredje romanen om «Elling», Brødre i blodet, av Ingvar Ambjørnsen.
Elling er den første filmen i trilogien om Elling. Filmen vart Oscar-nominert for beste utanlandske film i 2002. Han kom derimot ikkje med på lista då Dagbladet i 2007 kåra dei 15 viktigaste filmane sidan 1982.
Handlinga
[endre | endre wikiteksten]Elling skildrar korleis to tidlegare pasientar ved «Brøynes behandlingshjem» skal klare seg åleine i ei trygdeleilegheit på Majorstua i Oslo, med noko hjelp frå sosialarbeidaren Frank. Medan eine av dei, Elling, slit med angst og fikse idear, er den andre, Kjell-Bjarne, nokså enkel og sexfiksert. Etter kvart lærer dei seg til å takle verda og møter andre menneske.
Rolleliste
[endre | endre wikiteksten]Rolle | Skodespelar |
---|---|
Elling | Per Christian Ellefsen |
Kjell Bjarne | Sven Nordin |
Reidun Nordsletten | Marit Pia Jacobsen |
Frank Åsli | Jørgen Langhelle |
Alfons Jørgensen | Per Christensen |
Gunn | Hilde Olausson |
Hauger | Ola Otnes |
Johanne | Eli Anne Linnestad |
Cecilie Kornes | Cecilie A. Mosli |
Haakon Willum | Joachim Rafaelsen |
Eriksen | Per Gørvell |
Servitør på kaféen | Knud Dahl |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.kinokalender.com/film3307_elling.html; vitjingsdato: 3. februar 2018.