Ferruccio Busoni
Ferruccio Busoni | |||
| |||
Fødd | 1. april 1866 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Empoli | ||
Død | 27. juli 1924 (58 år) | ||
Dødsstad | Berlin | ||
Fødenamn | Dante Michelangelo Benvenuto Ferruccio Busoni | ||
Opphav | Kongedømet Italia | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pianist, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog, musikkteoretikar, plateartist | ||
Mor | Anna Weiss-Busoni | ||
Far | Ferdinando Busoni | ||
Gift med | Gerda Busoni | ||
Prisar | Honorary Member of the International Society for Contemporary Music |
Dante Michelangelo Benvenuto Ferruccio Busoni (1. april 1866–27. juli 1924) var ein kosmopolitisk komponist, pianist og pedagog. Han var verksam i Finland, USA, Sveits, Tyskland og fleire andre land.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Bussoni var fødd i Empoli i provinsen Firenze i Italia.
Busoni var ein av dei fremste representantane for den musikalske nyklassisismen, både musikalsk og teoretisk. Han grunnla ei eiga retning som han kalla Junge Klassizität. I det teoretiske skriftet Entwurf einer neuen Ästhetik der Tonkunst tek han for seg grunndraga i denne.
Busoni skreiv både dei teoretiske skriftene sine og librettoane til operaene sine på tysk, sjølv om italiensk var morsmålet hans.
Nokre av transkripsjonane hans av verka til store meister er blitt kalla «formidable» av kritikarar.
Busoni gifta seg i september 1890 med den svenskfødde pianisten Gerda Sjøstrand, som var dotter av bilethoggaren Carl Eneas Sjöstrand.
Han døydde i 1924 i Berlin.
Verk (utval)
[endre | endre wikiteksten]Operaer
[endre | endre wikiteksten]- Die Brautwahl (1911)
- Turandot (1917)
- Arlecchino (1917)
- Doktor Faust, fullført av Philipp Jarnach (1925)
Orkesterverk
[endre | endre wikiteksten]- Pianokonsert for piano, orkester og mannskor (1904)
- Turandot, suite for orkester (1904)
Pianoverk
[endre | endre wikiteksten]- Fantasia Contrappuntistica (1910) som delvis bygger på Johann Sebastian Bachs Kunst der Fuge
- Pianosonatine nr 6 (1920)
- Italiensk dagbok (Italienisches Tagebuch)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ferruccio Busoni» frå Wikipedia på svensk, den 28. mars 2020.