Eidsberg kommune
Eidsberg kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Adm.senter | Mysen | ||
Areal | 236 km² | ||
• land | 232 km² | ||
• vatn | 4 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Erik Unaas (H) | ||
Kommunenr. | 0125 | ||
Eidsberg kommune 59°32′13″N 11°21′37″E / 59.536944444444°N 11.360277777778°E | |||
Kart som viser Eidsberg kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Eidsberg | |||
Nettstad: www.eidsberg.kommune.no |
Eidsberg kommune er ein tidlegare norsk kommune i Østfold fylke, fram til han 1. januar 2020 blei del av den nye Indre Østfold kommune.[1] Kommunen grensa til Marker kommune i aust, Rakkestad kommune i sør, Skiptvet kommune i sørvest, Askim kommune i nordvest, Trøgstad kommune i nord og Aurskog-Høland i Akershus fylke i nordaust. Kommunen omfatta låglandet på austbreidda av Glomma og skogsåsane austover mot vasskiljet mot Haldenvassdraget.
Administrasjonssenteret var Mysen, endestasjon for den austre linja til togselskapet NSB. Den best kjende attraksjonen i området er Momarken travbane, der Momarkedet bruker å bli skipa til.
Kommunevåpenet
[endre | endre wikiteksten]Kommunevåpenet blei godkjent i 1962 og har eit svart avrive bjørnehovud på gull bakgrunn. Motivet viser til segner om ei rekke mannsnamn på -bjørn, og til baglaranes Arnbjørn Jonsson, som også var lendmann.
Kjende personar frå Eidsberg kommune
[endre | endre wikiteksten]- Vibeke Skofterud (1980-2018), skiløpar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Navn på nye kommuner», Regjeringen.no (på norsk), 3. januar 2020, henta 9. januar 2020
«Eidsberg» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Eidsberg kommune Arkivert 2021-04-20 ved Wayback Machine.