Eastern Cape
Eastern Cape | |||
Oos-Kaap Mpuma-Koloni | |||
provins | |||
|
|||
Land | Sør-Afrika | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Bhisho | ||
Areal | 168 966,0 km² | ||
Folketal | 7 230 204 (2. februar 2022) | ||
Grunnlagd | 1994 | ||
Språk | engelsk, afrikaans, xhosa | ||
Eastern Cape 32°S 27°E / 32°S 27°E | |||
Wikimedia Commons: Eastern Cape |
Eastern Cape er ein provins i Sør-Afrika. Hovudstaden er Bhisho, men dei to største byane er Port Elizabeth og East London. Arealet til Eastern Cape er 169 580 km² og folketalet 7 230 204 i 2022. Provinsen vart danna i 1994 av dei gamle «sjølvstendige» bantustanane Transkei og Ciskei og den austlege delen av Kapp-provinsen. Namnet «Cape» viser til Kapp det gode håp.
Om lag 87,6 % av folket i Eastern Cape er svarte afrikanarar, 7,4 % er av blandingsrase («farga»), 4,7 % kvite og 0,3 % asiatar. 83 % av folket er xhosa-talande. Eastern Cape er fødestaden til fleire framtedande sørafrikanske politikarar, som Nelson Mandela, Oliver Tambo, Walter Sisulu, Govan Mbeki, Raymond Mhlaba, Robert Mangaliso Sobukwe, Chris Hani, Thabo Mbeki, Steve Biko og Charles Coghlan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eastern Cape» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2013.