[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Dusk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dusk av snorer
Framgangsmåte for å laga ein dusk av tråd.

Dusk er ei samling trådar, snorer eller liknande som er festa i ein enden, men heng fritt i den andre.[1] Duskar blir ofte brukte til pynt på klede og utstyr.

Ein kan ha duskar på symbolske hovudplagg som studentluer og russeluer.[2][3] Innan jødedommen er duskar eller frynser kalla sisít ein viktig del av klesdrakten.

Ein rund dusk kan ein kalla ein pompong. Slike duskar er vanlege på toppen av toppluer og blir brukt innan cheerleading.

  1. «dusk» i Nynorskordboka.
  2. Kjølseth, Jahn Ivar (16. oktober 2017), «Reinkarnasjon med dusk», underdusken.no (på norsk), henta 5. juni 2022 
  3. Sande, Allan (2000-10). «The Norwegian “russefeiring”. The use of alcohol as a ritual in the “rite of passage” to adulthood». Nordic Studies on Alcohol and Drugs (på engelsk) 17 (5-6): 340–354. ISSN 1455-0725. doi:10.1177/1455072500017005-603. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dusk