Dua
Dua | |
---|---|
Latinsk namn | Columba |
Forkorting | Col |
Genitivsform | Columbae |
Symbologi | Namngitt av A. Royer |
Rektasensjon | 6 h |
Deklinasjon | −35° |
Areal | 270 kvadratgrader nr. 54 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
1 |
Sterkaste stjerne | Phact (α Col) (2,6. mag.) |
Meteorsvermar |
Ingen |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +45° og −90° | |
Dua (frå latin Columba) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det ligg like sør for Den store hunden og Haren.
Kjende objekt
[endre | endre wikiteksten]Stjerner
[endre | endre wikiteksten]Dua er heller lyssvakt, og den mest lyssterke stjerna, Alfa Columbae, har berre storleiksklasse 2,7. Alfa Columbae er ei blåkvit star som tradisjonelt har blitt kalla Phact. Alfa Columbae ligg 268 lysår frå jorda. Den einaste andre namngjevne stjerna i Dua er Beta Columbae, som har namnet Wazn. Ho er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 3,1, 86 lysår frå jorda.[1]
Dua er stjernebiletet som ligg ved solart antapeks - jorda (og sola) flyttar seg bort frå retninga til stjernebiletet når solsystemet flyttar seg gjennom rommet.
Stjernebiletet inneheld den galopperande stjerna μ Columbae, som truleg vart driven bort frå ι Orionis-systemet.
Djupromsobjekt
[endre | endre wikiteksten]Det ligg ein kulehop i Dua, NGC 1851 som har storleiksklasse 7. Ho ligg 35 000 lysår frå jorda og er mogeleg å sjå i mellomstore amatørteleskop.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Columba (constellation)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Makemson, Maud Worcester (1941). The Morning Star Rises: an account of Polynesian astronomy. Yale University Press. s. 281.
- Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2001), Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2
- Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4.
- ↑ 1,0 1,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 120-121.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]