[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Dongfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dongfolk i festdrakt (i Liping)
Dongbru i Chenyang i Guangxi

Dong ( 侗族, pinyin dòngzú) er eitt av dei 55 offentleg anerkjende minoritetsfolka i Folkerepublikken Kina. Ifølge folketellinga i 2000 er det 2,5 millionar av dei i Kina, for det meste i Guangxi og Guizhou.

Dongfolk er kjende for sine særeigne overbygde bruer kalla «vind-og-regn-bruer» og sin kunstferdige fleirstemte song. Dei innvandra ca. tusen år f.Kr, frå det som i dag er Thailand og til Kina. Etterkvart som han-kinesarane ekspanderte vart dei seinare trengt sørover igjen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Denne artikkelen bygger på «Dong (folk)» frå bo, den 16. september 2009.