Dokumentasjonsvitskap
Utsjånad
Dokumentasjonsvitskap er studiet av lagring av, og tilgjenge til informasjon, enten av lyd, skrift eller bilete. I trong tyding blir dokumentasjonsvitskap oppfatta som eit teoretisk studium for bibliotekarar, og i andre land er det meir vanleg å snakke om biblioteks- og informajsonsvitskap. I vidare tyding er det mogleg å sjå på dokumentasjonsvitskap som studiet av all lagra informasjon, og til og med av alt menneskeleg samkvem, men ein slik definisjon er for vid til å vere nyttig.
I Noreg er det mogleg å studere dokumentasjonsvitskap ved Universitetet i Tromsø.