Dina
Utsjånad
Dina er eit kvinnenamn, av hebraisk opphav som tyder 'ho so, dømer' . Namnet kan òg vere ei kortform av namn sim sluttar på -dina, som Randina, Bernhardina. På engelsk kan namnet stavast Dinah.
Dina har i Noreg namnedag 30. desember.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet Dina var lenge lite bruka, men populariteten fekk eit kraftig oppsving i 1990-åra.
- I folketeljinga frå 1801 var det 23 som hadde namnet i formene Dina, Dine, av dei 9 i Nordland.
- I 1900 var 1589 personar som var listeførte med namneformene Dina, Dine, Dinna, også no flest i Nordland.
- I 2008 var det 1658 med Dina 200 til første fornamn, 12 heitte Dine.
Dina som bibelsk namn
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha fått seks søner, fekk Lea i følgje Fyrste mosebok dottera Dina med Jakob.[1] Om Dina og Sikem, sjå 1. Mos. 34. kapittel.[2]
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Dinah Craik (1826-1887), engelsk diktar
- Dina Aschehoug (1861-1956), norsk kunstmålar
- Dinah Shore (1916-1994), amerikansk songar og fjernsynsfjes
- Dinah Washington (1924–1963), amerikansk bluessongar
- Dinah Manoff (f. 1958), USA-amerikansk skodespelar
- Dina Meyer (f. 1968), USA-amerikansk skodespelar
- Caroline Dina L. Kongerud (f. 1985), kjend som teknoartisten Dina.
Oppdikta figurar
[endre | endre wikiteksten]- Dina er namnet på hovudpersonen i romanen Dinas bok av Herbjørg Wassmo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
- Søk etter norsk namnestatistikk for Dina hjå Statistisk Sentralbyrå
- FolketeljIngar i Digitalarkivet