Diastole
Utsjånad
Diastole er den delen av hjartesyklusen der hjartet vidar seg ut og sug inn blod. I denne fasen slappar hjartemuskelen av mellom to samantrekkingar. Hjartet utvidar seg, slik at det blir fylt med blod frå venene. Etter diastole følgjer fasen systole.[1]
Ordet kjem frå gresk διαστολή (diastolē), som tyder 'utviding'.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Arnesen, Harald (18. juni 2024). «diastole – fysiologi». Store medisinske leksikon (på norsk).
- ↑ Diastole. Merriam-Webster Online Dictionary. 24. august 2008.