[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Det lyser i stille grender

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Salmen «Det lyser i stille grender» er Jakob Sande sitt kanskje mest kjende dikt. Diktet finn ein i juleheftet Jul i Sunnfjord frå 1931. Tittelen var då «Julekveld». Jakob Sande sette ikkje dette diktet særleg høgt. Då Lars Søraas d.y. tok kontakt med han i 1948, då han ville bruke det i songboka si, hadde Sande gløymt at han hadde skrive noko juledikt.[1]

Den femte strofa

[endre | endre wikiteksten]

I samband med at diktet skulle trykkast i songbøker strauk han den siste strofa, den femte. Henne fann han ikkje litterært god nok.[2] Songen vart etter det oftast prenta med dei fire første strofene. Jakob Sande har ikkje diktet med i noko diktsamling. Først i 1998 tok Gyldendal det med i den nye utgåva av Dikt i samling.

I salmebokutkastet frå 1981 kom «Det lyser i stille grender» med, men berre med fire strofer. Ein var då usikker på om det var Jakob Sande som hadde skrive den femte. Men då det var klart at han var opphavsmannen, var det fleirtal i salmebok-komiteen for å ta den femte strofa med i Norsk Salmebok i 1985. Ho var endra frå 1931-versjonen. Mellom anna vart myrkret endra til døden. Dei to siste strofene vart samanbundne til ein lang periode. Familien til Sande meinte at berre dei fire første strofene burde med, sidan Jakob Sande sjølv hadde stroke den femte.[3] Ei anna endring ein finn i Norsk Salmebok er at «tusende barnehender» har vorte til «tusene».

Den omdiskuterte femte strofa i 1931-utgåva:

[endre | endre wikiteksten]
Songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt,
um barnet, Guds son og sonar
som myrkret for evigt batt.

Tonesetting

[endre | endre wikiteksten]

Den tonen som til vanleg vert brukt på denne songen er laga av Lars Søraas d. y. Han vart første gong framført på julegudstenesta i Johanneskirken i Bergen jula 1944. Songarane var ei jenteklasse frå Sydneshaugen skole som hadde Søraas til songlærar.[2] I nynorskutgåva av Songboka for skule og heim som Søraas gav ut i 1948, finn vi teksta og denne melodien saman for første gong. I bokmålsutgåva Sangboka kom han inn i 1958. Mange reknar denne versjonen frå 1948 som den klassiske utgåva av «Det lyser i stille grender».[4] Mange andre har skrive tone til dette diktet. I Salmer 1973 og i salmebokutkastet 1981 er det brukt ein tone av Rolf Karlsen.

Det har hittil vore slått fast at den første plateinnspelinga av «Det lyser i stille grender» vart gjort i 1974 av Sandefjord Jentekor. Songen har vorte innspelt på plate 66 gonger (2008).[5]

Men no viser det seg at den første plateinnspelinga skjedde alt i 1953. Oppdaginga kom då platesamlaren Arild Torvund Olsen kom over ei 78-plate med Bergen Ynglingeforenings Sangforening dirigert av Lars Søraas. A-sida på plata hadde tittelen «Jolesong», og songen som gøymde seg bak den noko anonyme tittelen synte seg å vera «Det lyser i stille grender». Men kva tid var plata frå? Det stod nemleg ikkje noko årstal på plata. Dei inngraverte matrisenummera på plata, N-1221 og N-1222, var då til god hjelp, for i Musica-diskografien til Tom Valle og Arild Bratteland finn me innspelingsdato for platene med matrisenummera før og etter. N-1220 var spelt inn 08.12.1952, medan N-1223 var spelt inn 11.01.1953. Det tyder at Bergens Ynglingeforenings Sangforening var i studio ein gong kring årsskiftet 1952/1953. Arild Torvund Olsen fekk kontakt med Bjarne Ø. Graabræk i Bergen KFUK-KFUM Ynglingen, som med hjelp av Bergen byarkiv greidde å finna eit gamalt referat frå Bergens Ynglingeforenings Sangforening. Referatet syner at plata kom ut mars 1953, og at plata då var komen i eit opplag på 300 eksemplar:

«Forhåndsbestilte ble utlevert til forhåndsbestillerne på pröven 5/3, og platen ble bragt i handelen hos de forskjellige forhandlere nermeste dager. Platen er sendt NRK. Bergen og Oslo, og også til London», kan me lesa i referatet.

Med utgangspunkt i julefeiringar i «stille grender» skildrar Jakob Sande Jesu fødsel i Betlehem. At det er under ringe forhold syner han med omgrep som «vesal stall», «ringe seng» og «aude eng». Det fjerde verset tonar ut med «den evige himmelsongen som alltid er ung og ny».

  1. O. Bruaset, 2000.
  2. 2,0 2,1 N. Skreien 2005
  3. O.Eide 2006.
  4. Aarset 1998
  5. Norsk nasjonaldiskografi
  • Oddgeir Bruaset: Det var midt i julenatt. Genesis forlag 2000
  • Ove Eide: Jakob Sande. Liv - Dikting. Det Norske Samlaget 2006
  • Terje Aarset: Det lyser i stille grender i Spottar og salmediktar. Jakob Sande selskapet 1998
  • Norvald Skreien: Lars Søraas far og sønn Oslo 2005