Den ungarske revolusjonen i 1848
Utsjånad
Den ungarske revolusjonen i 1848 var ein av mange revolusjonar som fann stad dette året. Den ungarske var nært knytt til andre revolusjonar i det habsburgske området. Revolusjonen i Ungarn voks til ein krig for sjølvstende frå habsburgsk styre.
Mange av leiarane og deltakarane i revolusjonen, mellom anna Lajos Kossuth, István Széchenyi, Sándor Petőfi og József Bem, er blitt til nasjonale figurar i ungarsk historie. Dagen for revolusjonsutbrotet, den 15. mars, er ein av tre nasjonale heilagdagar i Ungarn.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Den ungarske revolusjonen (1848)» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2020.
Denne historieartikkelen som har med Ungarn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.